Slåttedugnad på Bjørndalen

Dette er fjerde året på rad at vi (Naturvernforbundet i Orklaregionen og Grytdalens venner) slår graset på Bjørndalen fjellgard i Orkdal, ein del av Songli-eigedomen, rett i utkanten av Grytdalen naturreservat.
Vi slår graset med slåmaskin og ljå, raker det samen og drar det unna på presenningar.
Dermed bidrar vi til å oppretthalda/ auke det biologiske mangfaldet som er avhengig av dei gamle og vedlikehalde slåtteengene. Slåtteenger er ein raudlista naturtype, og vi har fått stønad til slåtten frå Fylkesmannen i Sør Trøndelag.

Naturvernforbundet og Grytdalens venner er arrangørar, og vi serverer kaffe og vaflar. Ute, dersom det er godvær, og inne i det trivelege og verna hovudhuset på Bjørndalen dersom det er dårleg vær. Vi har pleid å vera mellom 20 og 40 deltakarar, og med ei triveleg stemning blant store og små.

Køyr forbi Orkanger på vegen mot Valset/ Brekstad. Ta av til venstre mot Husdalen i Geitastrand. Du passerer ein bomstasjon (ca kr 60). Vi skal halda bommen ved Fjellkjøsvatnet ope, så du kan køyre heilt fram til enden av vegen. Derfrå er det ca 20 minutt å gå fram til Bjørndalen (skilta).
Alternativt kan du parkere på Songlia og gå fjellvegen innover og ta av til høgre på sti til Bjørndalen. (ca 1 time)