Naturvernforbundet i Orklaregionen – årsmøte 2020

2. mars 2020 var det årsmøte i Naturvernforbundet i Orklaregionen. Før årsmøtet var det eit veldig flott film- og foredragsmøte med filmskapar og politikar Arne Nævra, som vi arrangerte saman med Grytdalens venner. Det var 150 deltakarar på det opne møtet.

Årsmøtet hadde vanlege årsmøtesaker, og etter forslag frå valkomitéen (Leif Martin Meland) vart følgjande styre vald:

  • Leiar: Mads Løkeland-Stai

Øvrige styremedlemmar

  • Gjertrud Berg
  • Kine Tangvik Størdal
  • Kjetil Kroksæter
  • Livar Ramvik
  • Steve Halsetrønning
  • Terje Staveli

Varamedlemmar

  • Johan Randahl (kasserar)
  • Oda Kringstad

Det vart i tillegg gjort ei rekke vedtak. Vedtaket om Grytdalen vil bli fremma på landsmøtet i Naturvernforbundet i slutten av april.