Nasjonale laksefjorder og laksevassdrag må få klarere verneforskrifter
Norge har 1/3 av verdens gjenværende bestand av nordatlantisk villaks og har et spesielt vern for denne fiskearten gjennom NASCO. Til tross for dette utsettes laksen for stadig nye angrep , som oppdrett, naturinngrep og forurensning. Nå sender Naturvernforbundet en bekymringsmelding til Storting og Regjering.
Til partia på Stortinget og Klima- og miljødepartementet Nasjonale laksefjordar og laksevassdrag må få klåre verneforskrifter Stortinget har oppretta nasjonale laksevassdrag og laksefjordar for å gje eit utval av dei viktigaste laksebestandane «særlig beskyttelse». Dessverre er dette vernet blitt sett uttrykkeleg til side ved fleire høve, og vi ber om at det blir vedteke heilt klåre retningsliner/ forskrifter som sikrar formålet ved vernet. Noreg har ein tredel av verdas attverande bestand av nordatlantisk villaks, og gjennom den nordatlantiske laksevernkonvensjonen (NASCO) har Noreg villaks som nasjonal ansvarsart. Villaksen er truga gjennom mange typar påverknad, ikkje minst frå oppdrett, arealinngrep og forureining. Dei nasjonale laksevassdraga og laksefjordane skal sikre minst mogleg negativ påverknad på laksen, som eit vesentleg bidrag til Noregs ansvarsarbeid for villaks. Då er det viktig at nasjonale laksefjordar og laksevassdrag blir forvalta overeinstemmande med Stortingets intensjonar om å bevare villaksen og gje eit særleg vern til dei 52 nasjonale laksevassdraga og 29 nasjonale laksefjordane. Lakseturismen er også ei næring som representerer ei årleg omsetning på 1,3 milliardar, og er avhengig av god økologisk forvalting. Vi vil ta opp to av mange døme som viser at det er stort behov for vesentleg strengare retningsliner/ forskrifter knytt til miljøforsvarleg forvalting av våre nasjonale laksefjordar og laksevassdrag. Vi meiner det trengst klåre forskrifter for å hindre inngrep med stor negativ verknad for villaksen. 1. Orkla vart vedteke som nasjonalt laksevassdrag i 2007, og Stortingets vedtak seier at større inngrep i munningsområdet av nasjonale laksevassdrag ”tillates ikke”. Orkdal kommune vedtok i 2015 ein ny kommuneplan som legg til rette for at Trondheim havn IKS kan etablere ei regionhamn for Trondheims- regionen på begge sider av utløpet av Orkla. Dette medfører stor utfylling og mudring, og vil representere eit vesentleg inngrep rundt utløpet av den nasjonale lakseelva, og dermed negativ påverknad i ein viktig fase av laksens vandringar. 2. Førdefjorden vart vedteke som nasjonal laksefjord i 2007. Trass i dette vedtok Klima- og miljødepartementet i april 2015 løyve til utslepp 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden gjennom 50 år. Miljødirektoratet sa 4. november 2014: «Vi mener også at kunnskapen som foreligger sannsynliggjør at et fjorddeponi, slik det er forespeilet i planforslaget innebærer risiko for at funksjon, struktur og produksjon i økosystemet i Førdefjorden som helhet forringes.» Ein av dei viktige negative verknadene på laksen frå dumping av gruveavfall skjer når smolten vandrar ut fjorden. Dette er ein sårbar fase, og for eksempel har forsking vist at god mattilgang under det første stadiet av vandringa er vesentleg for smoltens overleving i havet. Redusert produksjon i økosystemet, slik Miljødirektoratet omtaler, vil difor ha direkte negativ påverknad på smoltens overleving i havet. I tillegg kjem påverknad frå sprenging, partiklar etc.