Vellukka villmarks- og Grytdalskveld med Arne Nævra
2. mars 2020 i Orkland kulturhus: Filmskapar og politikar Arne Nævra, viste film og snakka om dei unike kvalitetane i Grytdalen, og kor viktig det er at Noreg får sitt første større verneområde med totalvern.
Arne Nævra tileigna den flotte programserien Norske Naturperler (NRK 2014) til Grytdalen.
2. mars 2020 hadde han innlegg med film for Orklands politikarar (ca 50 deltok), og etterpå ein lengre seanse på ope møte med 150 engasjerte tilhøyrarar.
Temaet for begge samlingane var eit felles initiativ frå Grytdalens venner, Naturvernforbundet og ordførar Oddbjørn Bang, for på nytt å setja på dagsorden:
Totalvern av kjerneområdet i Grytdalen naturreservat og oppretting av Noregs første referanseområde for biologisk mangfold og forskning
I tillegg hadde Mads Løkeland-Stai presentasjon for å leggja fram innhaldet i initiativet.
Foto under:
Foto frå Grytdalen – fotograf Steve Halsetrønning. Resten av fotografia – Anne Guri Solem.