Forsvar fjella i Snillfjord

Tre kraftselskap har flokka seg rundt området Svarthammaren i Snillfjord for å byggje industrianlegg for kraftproduksjon på eit område frå 22 til 29 km2. Turbinane i Smøla og Hitra blir små, «berre» 110 meter totalhøgd, samanlikna med dei monsterturbinane som er planlagde på Svarthammaren; 4,3 – 7 MW turbinar, opp mot 250 meters høgd for…

Sendt som innlegg til Avisa Sør Trøndelag:

Vern fjella i Snillfjord mot industrianlegg

Tre kraftselskap har flokka seg rundt området Svarthammaren i Snillfjord for å byggje industrianlegg for kraftproduksjon på eit område frå 22 til 29 km2. Turbinane i Smøla og Hitra blir små, «berre» 110 meter totalhøgd, samanlikna med dei som er planlagde på Svarthammaren; 4,3 – 7 MW turbinar, med 235 meters høgd for dei på 7 MW.

Industriområde i inngrepsfri natur

Vindkraftanlegg er ikkje parkar, men industriområde med stor menneskeleg aktivitet, som i tillegg til turbinane har omfattande vegnett som delar opp området og drenere myrene.  I dag er det større vekt på å verne myr enn då konsesjonen vart vedtek, ikkje minst på grunn av lageret av karbon, viktig for klimaet.  Noreg har forplikta seg sterkare til den internasjonale konvensjonen om biologisk mangfald, og stortingsmelding 14 (2015-2016) slår fast: «Regjeringen legger et generasjonsperspektiv til grunn i forvaltningen av norsk natur. Vi skal sikre framtidige generasjoners mulighet til å skape verdier basert på velfungerende økosystemer.» Snillfjord kommune registrerte i 2014 området som viktige friluftsområde, og det er mange som bruker desse vakre fjellområda til naturopplevingar.

Tap av biologisk mangfald og spesielt alvorleg for hubro

Tap av areal er den viktigaste grunnen til tap av biologisk mangfald, og vindkraft på Svarthammaren vil øydeleggja/ skade leveområdet for mange artar, både på grunn av inngrepa og stor menneskeleg aktivitet.  Direktoratet for Naturforvaltning sa at anlegget ville få stor konflikt med nasjonal mål for naturmiljø, og kanskje også for internasjonale mål. I dag seier Miljødirektoratet dette om kor viktig området er: «Agdenes/Snillf]ord er blant de viktigste kommunene for hubrohekkinger i sørdelen av Trøndelag. Videre er Trøndelags del av dette området viktige leveområder for vandrefalk, havørn og kongeørn med mange registrerte hekkelokaliteter.» Utgreiinga om naturmiljø i 2012 tok spesielt opp behovet for ei eiga utgreiing om hubro, men det vart aldri gjort. Hubro er karakterisert som sterkt truga over heile landet, og det vil vera tragisk om den også må gje opp denne delen av Snillfjord. Det var ein skandale at det vart gjeve konsesjon i 2012, men det kan bli retta opp no.

Eksport av norske naturverdiar

Noreg har i dag langt større overskot av kraft enn då Svarthammaren fekk konsesjon, og utgreiingar om energieffektivisering viser at det er mogleg å erstatte fossil energibruk med fornybar energi i Noreg utan nye store kraftverk, ved satsing på energieffektivisering i produksjon og forbruk, solceller på tak, varmepumper etc.  All ny kraft vil bli eksportert; eksport av norske naturverdiar til land som sjølv forbyr vindkraft på land for å verne sine naturverdiar (Polen) og til Tyskland der ny vindkraft på land nesten stansar på grunn av stor motstand. I staden satsar Polen og Tyskland no på vindkraft til havs. Om Noreg skal eksportere subsidiert vindkraft, er det til havs vi finn dei store energimengdene, med mindre miljøkonsekvensar enn for vindkraft på land.

Vær med og forsvar fjella i Snillfjord mot industrianlegg. Sei ja til naturen og nei til konsesjon.

Livar Ramvik og Mads Løkeland

Naturvernforbundet i Orklaregionen


Alle foto i fotoserien under er tekne av Livar Ramvik.