Supplerande plan for verneområde

Fylkesmannen har bede om innspel på nye verneområde, og Naturvernforbundet i Orklaregionen har sendt inn forslag på ei rekke nye verneområde. Vi bad medlemmane av Naturvernforbundet i Orklaregionen (Meldal, Orkdal, Skaun, Agdenes og Snillfjord) om innspel til supplerande plan. I tillegg er det fleire område som styret har vurdert ei tid. Vi presenterer dei innspela vi har fått.

Mellom anna foreslår vi at fleire kroksjøar/ kjeler langs Orkla blir vurderte som naturreservat:

Furumokjela (var fylkets einaste kroksjø med brakkvatn?) like sør for utløpet til Orkla, har nettopp gått tapt, er i hovudsak fylt att og gjort til industriområde.

Orkla vart regulert i 1984, og nedre del har elveforbygningar.  Elva lagar ikkje nye kroksjøar, og vi ser det som viktig å oppretthalda kroksjøar som har kontakt med Orkla.  Spesielt er sjøauren i sterk tilbakegang i Orkla, og slike kroksjøar kan vera viktige oppvekstområde.  Kroksjø er vurdert som NT i Raudliste for naturtypar 2018, men kroksjøane langs Orkla burde kanskje regionalt ha EN, etter situasjonen etter reguleringa i 1984.

Vi foreslår konkret vurdering for vern som naturreservat av Ferjemannskjela/ Torva, Byakjela og Trettøya/ Ålykkja, men vi oppmodar Fylkesmannen til ein breiare gjennomgang/ vurdering av også andre kroksjøar langs Orkla.

I tillegg til ei rekke kroksjøar/kjeler, foreslår vi mellom anna Jamtmyra ved Gangåsvatnet, Tjønnlitjønna i Orkdal, Fugletjønna i Agdenes, Langskjæret og Sauholmen i Snillfjord, Svarttjønna i Skaun og eit større område på nordsida av Snillfjorden.

Les forslaget vårt til verneområde i Meldal, Orkdal, Skaun, Agdenes og Snillfjord