Kllimafarleg fart

Regjeringa vil ha 4 felts motorveg med 110 km/t på E6 mellom Klett og Ulsberg. Dette er grovt uforsvarleg med tanke på klimaet, då det vil gje kraftig auke i utsleppet av klimagassar, både for diesel/bensinbilar og elbilar. Stans planane, sats på 2/3 køyrefelt med 80/90 km/t, og bruk innsparinga til å satse på jernbanen. Innlegget stod i Adresseavisa 31.12.2018, og i avisa Opp (Oppdal) 28.12.2018. Også mellom Klett og Orkanger er det tankar om heilt nye tunnellar med 110 km/t.

Regjeringa aukar utsleppet av klimagass

E6 Trondheim – Melhus er opna for 100 km/t på ei strekning, og i følgje Nye Veier skal det bli 4 felts motorveg med 110 km/t frå Trondheim til Ulsberg.  Med tanke på klimaet er dette grovt uforsvarleg, vil gje kraftig auke i utsleppet av klimagassar, i motsett retning av kva Noreg forpliktar seg til ved klimaavtalane frå Paris og Katowice.

Ein diesel/ bensinbil bruker 30% meir drivstoff pr kilometer når farten aukar frå 80 til 110 km/t, med tilsvarande auke i CO2-utsleppet, mens elbilen bruker 60% meir energi pr km ved same fartsauke.  Elbil er betre enn fossilbil, men har også utslepp av klimagassar.  Dette kjem frå elektrisitet til framdrift (CO2-utsleppet blir rekna ut med grunnlag i sokalla norsk eller nordisk miks av elektrisitet), og i tillegg CO2-utslepp frå produksjon av batteriet.  Fordi ein elbil i 110 km/t bruker mykje meir energi pr km, går rekkevidda kraftig ned, slik at bilen må ha større batteri, noko som gir større utslepp av CO2

Summen er at utsleppet av klimagass blir langt større med ei fartsgrense på 110 km/t enn 80 km/t, både fordi dei fleste bilane i lang tid vil gå på bensin/diesel, men også fordi utsleppet av klimagass frå elbilar går kraftig opp med auka fart.  Vi kan også ta med at ved høg fart aukar både støv og støy frå vegtrafikken kraftig, det er ingen skilnad om bilane er elektriske eller fossile ved slik fart.

Sats på toget

Større fart på E6 vil også styrke vegtrafikken i konkurranse med det langt meir klimavennlege toget, også fordi det nesten ikkje blir gjort noko for å styrke den snart 100 år gamle Dovrebanen.

Vi ber regjeringa ta ansvar for klimaet ved å setja ned fartsgrensa til 80/90 km/t, redusere målsettinga for E6 sørover til 2/3 køyrefelt i staden for 4 felt og bruke innsparinga til å styrke jernbanen.

Naturvernforbundet i Sør Trøndelag

Magne Vågsland og Mads Løkeland