Uttalelse om søknad om utslippstillatelse ved Hammervatnet
I forbindelse med arbeid med firefelts motorveg har Nye Veier AS søkt om utsleppstillating for midlertidig anleggsarbeid ved Hammervatnet i Levanger kommune.
Naturvernforbundet I Trøndelag har saman med lokallaget på Levanger og Birdlife Norge avdeling Trøndelag sendt inn eit høyringsfråsegn til «søknad om utslippstillatelse for Nye Veier AS for midlertidig anleggsarbeider i dagsonen for ny E6 ved Hammervatnet (Vassmarka) i Levanger kommune».
Arbeidet er ein stor trussel mot formålet med vernet av området. I forskrift om fredning av Hammervatnet naturreservat, Levanger kommune, Trøndelag blir formålet lagt fram slik. «Formålet med fredningen er å bevare et viktig våtmarksområde med vegetasjon, fugleliv og annet dyreliv som naturlig er knyttet til området.»
I små verneområde er det spesielt viktig å sikre kvalitetane også i områda rundt da disse vil ha stor påverknad på verneområdet i seg sjølv. Problema gjer seg spesielt akutt er Støy- og lysforureining, så har me langtidseffektar med setningsskadar frå deponia som er planlagt ovanfor gjeldande verneområde. Spesielt er det at natur og dyreliv ikkje blir nemnt i planar om omlegging av trafikken, ein trafikk som da vil gå rett ved grensa til eksisterande verneområde.
Dette er eit verneområde som me igjennom Ramsarkonvensjonen er forplikta til å ta vare på, og ein av grunnpilarane i dette arbeidet er å forvalte internasjonalt viktige våtmarksområde (Ramsarområder) slik at dei økologiske funksjonane blir oppretthaldt.
Det er ikkje foreinleg med verneforskrifta, ramsarkonvensjonen og dagens kunnskap om natur å godkjenne denne søknaden da konsekvensane blir for store.
Høyringssvaret vårt kan du lesa her: Uttalelse om søknad om utslippstillatelse E6 ved Hammervatnet, Levanger.