Dugnaden på Songli 7. august
7. august var det nok ein vellukka dugnadsdag på Songli, med ca 15 deltakarar.
Dugnadsgjengen hadde mange oppgåver, mellom anna:
- skar ned trær
- rydda kratt
- skrapa vegg for maling
- stabla ved
- klargjorde Nilsstuggu
- la ny torv på den freda Garntørkebua
Det var god stemning, og mykje godt arbeid vart gjort – og med triveleg samling til kaffekos.
Takk til Grytdalens venner for det flotte initiativet.
Framover blir det nye dugnadsdagar, foreløpig kvar andre tysdag:
21. august, 4. september, 18. september ….
Alle dagar startar vi kl 17.
Under er det eit fotogalleri der du skiftar ved å klikke midt i, heilt til høgre. Alternativt velje foto med dei runde kulene nederst.
Foto: Kjetil Kroksæter og Mads Løkeland