Mot beverjakt i Orkdal

Det er foreslått å innføre jakt på bever i Orkdal. Naturvernforbundet har levert ein høyringsuttale der vi går mot beverjakt i Orkdal. Spesielt går vi inn for å halda Songli og Grytdalen utafor beverjakta, både ut i frå at Songli har ein spesiell status i arbeidet med å reetablere bever omkring i Noreg, og fordi Orkdal kommune, Naturvernforbundet, Grytdalens venner og mange andre går inn for at Grytdalen skal vera jaktfri sone. Dette er eit ledd i arbeidet med at Songli/ Grytdalen skal bli eit nasjonalt referanseområde for biologisk mangfald. Vi går i tillegg mot vårjakt på bever, då dette er tida då hobeveren er drektig og føder ungar.

 

lnnføring av jakt på bever i Orkdal – høyring på forslag til lokal forskrift

Vi viser til brev av 18.06.2018, dykkar ref 2018/4526 3, om høyring av forslag om forskrift om beverjakt i Orkdal kommune, med frist for innspel 1. september.

Vi kan ikkje sjå at det er behov, ut i frå bestanden, å innføre beverjakt i Orkdal kommune, og går difor mot at det blir innført beverjakt i kommunen.  Dersom det skulle bli problem med vesentleg skade, må det kunne bli løyst på anna vis enn gjennom å opna for generell jakt, for eksempel ved «eksport» av dyr til andre område av landet der det er ønske om reetablering av bever.

Beveren har ei særstilling i Orkdal

Orkdal har ei viktig stilling i den norske historia om reetableringa av bever.  I Europa var det berre nokre få lommer av overlevande bever ved førre århundreskiftet, og i Skandi­navia var det berre ein liten bestand på rundt 100 dyr ved Arendal.  I regi av Christian Thams vart det frå denne bestanden sett ut to bever på Songli ved Åmottjønna i 1926 og eit par ved Songsjøen i 1928.  Utsettinga i 1926 var den andre utsettinga i Noreg, etter ei utsetting i Vefsn i 1925.  Utsettinga på Songli vart vurdert som den mest vellukka i landet, men den siste beveren etter denne utsettinga døydde i 1961[1].  I 1968 vart det sett ut bever i området på nytt, og i 2017 vart ringen slutta, ved at beveren etablerte seg ved Åmottjønna i Songli/ Grytdalen der den vart sett ut i 1926.

Orkdal bør ta utgangspunkt i kommunens spesielle stilling i historia om beveren i Noreg, og som ein del av historia om Christian Thams, og bruke dette i profilering av kommunen, og til å stø opp om forsking på bever og å oppleve bever/ beversafari, i staden for å opna for jakt.

 

Dersom det likevel blir innført beverjakt, har vi følgjande innspel:

Vurdere å unnta heile Songlieigedomen frå beverjakt

Vi viser til innleiinga, om Songlis spesielle plass i den norske historia om bever, med utsetting av bever i regi av Christian Thams, allereie i 1926.  Forskarar frå NINA (Norsk institutt for naturforskning) arbeider med bever på Songli-eigedomen, både i og utanfor verneområdet, og BBC har brukt Songli og Grytdalen som utgangspunkt for reportasje om bever.  Vidare blir det arbeidd med opplegg for «beversafari» og informasjon for å gje folk kunnskap om dette spanande og spesielle dyret.  I den samanhengen ber vi om at heile Songlieigedomen blir halden utafor området med beverjakt.  Ettersom Songli­eige­domen ligg i både Orkdal og Snillfjord kommunar, ber vi om at det blir sett i gang eit arbeid saman med Snillfjord kommune om å unnta heile Songlieigedomen frå beverjakt.

Vi vil her vise til eit felles brev frå ordførarane i Orkdal, Snillfjord og Agdenes, rektorane ved Orkdal vidaregåande skole og Torshus folkehøgskole og frå Naturvernforbundet, Grytdalens venner og Norsk Ornitologisk Foreining, som ber om at ein bør forvalte Songlieigedomen slik at den kan bli eit referanseområde for biologisk mangfald og forsking:

«Vi ber Fornyings- administrasjons- og kirkedepartementet (FAD) om å medvirke til å finne en løsning som sikrer fortsatt offentlig eierskap og forvaltning for Songlieiendommen.  Vi ser det som viktig at denne spesielle eiendommen med sitt rike biologiske mangfold og sine lange historiske tradisjoner med miljømessig forvaltning siden 1920 og senter for biologisk forsking siden 1954, også i framtida kan fungere som et viktig område for friluftsliv og som referanseområde for biologisk mangfold og forsking[2]

Som eit ledd i det langsiktige arbeidet med å få til eit referanseområde for biologisk mang­fald og forsking er det viktig med så få inngrep som mogleg, og vi ber om at det ikkje blir opna for beverjakt i nokon del av Songlieigedomen.

 

Ikkje beverjakt i Grytdalen naturreservat

Vi vil vise til at Orkdal kommune, Naturvernforbundet og Grytdalens venner i fleire år har stått saman om at det skal bli vidareført/ innført eit generelt jaktforbod i Grytdalen natur­reser­vat, som eit ledd i arbeidet med å etablere Grytdalen/ Songli som eit nasjonalt biologisk referanseområde.

Orkdal kommune, Naturvernforbundet og Grytdalens venner har skrive fleire felles brev til Miljøverndepartementet/ Klima- og Miljødepartementet og bede om totalvern/ jakt­forbod i Grytdalen, og vi vil sitere frå to av dei:

«Vi ber Miljøverndepartementet om å starte ein prosess for å utvide vernet i heile eller delar av Grytdalen naturreservet, slik at vernet omfattar totalvern av alt dyre‑ og planteliv.»[3]

«Ut i frå Miljødirektoratets innspel om å kunne ha differensierte forskrifter i Grytdalen naturreservat, ber vi om at «kjerneområdet» får ei forskrift som gir totalvern for alle dyr, også for storvilt.»[4]

For å følgje opp arbeidet med å etablere totalfredning/ jaktforbod i Grytdalen, ber vi om at ei forskrift for beverjakt i Orkdal kommune uttrykker at det ikkje skal vera beverjakt i Grytdalen natur­reservat, eller i det minste ikkje i «kjerneområdet» i Grytdalen.  Med «kjerneom­rådet» forstår vi det som ligg innanfor grensene for naturreservatet fram til 2006, det området der det ikkje har vore jakt dei siste 60 åra.

 

Kommunen bør ikkje tillate vårjakt på bever

I høyringsbrevet blir det vist til jaktlova når det gjeld jakttid.  Den sentrale forskrifta til jaktlova fastset jakttida for bever frå og med 01.10 til og med 30.04, og med opning for at kommunen kan utvide jakttida på våren med 14 dagar, om det er vanskelege snø- og is-tilhøve.

«Forskrift om forvaltning av bever», § 3, opnar for at kommunen kan setja ei kortare tid for jakt enn den generelle jakttida for bever:

«Kommunen kan ved forskrift åpne for jakt og fangst av bever i hele eller deler av kommunen i en nærmere fastsatt periode, innenfor jakttid for arten fastsatt i forskrift om jakt og fangsttider.»

Beveren går drektig på våren, og føder ungar i perioden april – mai, slik at vi med jakt fram til 30.04 risikerer å drepe bevermødrer frå ungar eller å skyte drektige dyr.

Dette ser vi som uetisk, og vi stiller også spørsmål ved om det kan vera i konflikt med dyrevernlovas §14, om ikkje å setja dyr i ein hjelpelaus tilstand.

Kommunen bør difor avslutte beverjakta vesentleg tidlegare enn 30.04, og vi foreslår at forskrifta fastset at jakta blir avslutta 23.12.

 

Med helsing

Mads Løkeland

Leiar av Naturvernforbundet i Orklaregionen

Steve Halsetrønning

Styremedlem, Naturvernforbundet i Orklaregionen


[1] Forekomst og utsettinger av bever, Ola Arne Aune, Trondheim Turistforening 1967. http://www.tfb.no/db/trondheimturistforening/3_9_20090724_101817.pdf

[2]Statlig eierskap til Songlieiendommen i Orkdal og Snillfjord”, Sør Trøndelag, 12.10.2011, brev til FAD frå ordførarane i Orkdal, Snillfjord og Agdenes, rektorane ved Orkdal vidaregåande skole og Torshus folkehøgskole og frå Naturvernforbundet, Grytdalens venner og Norsk Ornitologisk Foreining

[3]Ønske om igangsetting av prosess for utvida vern i Grytdalen naturreservat i Orkdal kommune”, 05.12.2012.  Brev til Miljøverndepartementet frå Orkdal kommune, Naturvernforbundet og Grytdalens venner.

[4]Framtida for Grytdalen naturreservat og Songlieigedomen”, 16.04.2015.  Brev til Klima- og Miljødepartementet frå Orkdal kommune, Naturvernforbundet og Grytdalens venner.