Dropp vindkraft i Remmafjellet

I et felles brev ber fire store natur- og friluftsorganiasjoner i Trøndelag Statkraft om å legge bort planene for vindkraft i Remmafjellet.

Hallgeir F Opdal /Naturvernforbundet

Naturvernforbundet i Trøndelag, Trondhjem Turistforening, Norsk ornitologisk forening avd. Trøndelag, Orkla jeger- og fiskeforening og Naturvernforbundet i Orklaregionen ber i et felles brec Statkraft Vind Utvikling DA om å trekke seg frå planen om å etablere vindkraft på Remmafjellet i Snillfjord og dermed bidra til at dette området blir bevart for oss og for framtidas generasjonar, både når det gjeld natur­verdiar, landskap og friluftsliv.

I brevet legger de vekt på at det i realiteten ikke eksisterer en gyldig konsesjon for vindkraftverket da det står at kraftverket skal være i drift innen oktober 2020. Videre legger de vekt på den store motstanden mot vindkraft lokalt, samt mangelfulle konsekvensutredninger og konsekvenser for friluftsliv. 

Om de manglende konsekvensutredningene for naturverdier står det:

Gjennom arbeidet med «Nasjonal ramme for vindkraft» har det kome mykje ny kunnskap, om fuglar, flaggermus, insekt, myr, naturtypar m.m. Mykje av dette vart aldri, eller dårleg vurdert i den gamle konsekvens­utgreiinga for Remmafjellet, og må bli gjenstand for ny vurdering dersom Statkraft opprettheld søknaden om forlenga konsesjon.

Ikkje minst har det kome ny kunnskap om Hubro, og kor stor negativ verknad vindkraftutbygging har for Europas største ugle. Områda i Snillfjord og Agdenes er karakteriserte som dei viktigaste hubro-områda i sørlege del av Trøndelag. Flaggermus er ikkje vurdert med eit einaste ord, sjølv om Noreg har spesielt ansvar gjennom konvensjonen EUROBATS for å ta vare på Europas flaggermus. På Songli, ikkje langt frå Remmafjellet, er det registrert fleire artar flaggermus, også raudlista. Det er eit klårt brot på for­valtingslovas og naturmangfaldlovas krav om kunnskap ikkje å gjennomføre ei vurdering før vedtak.

Myr har fått ein heilt annan status enn då den gamle konsekvensutgreiinga vart gjennomførd, både når det gjeld økologi og som karbonlager. I Skottland er det laga eit vurderingsverktøy for myr, klima og vindkraft, og skottane har vist at i visse myrområde kan utsleppet av klimagass bli større enn gevinsten gjennom levetida til eit vindkraftanlegg.

Les hele brevet her: Brev til Statkraft om tilbaketrekking av vindkraftplaner i Remma fjellet
Les også: Høyringsuttale om forlenging av konsesjon for Remmafjellet, Naturvernforbundet i Orklaregionen,
Les også: Brosjyre om Remmafjellet fra Naturvernforbundet