Naturvernforbundet sender brev om restriksjoner på bruk av vannskuter

Som et ledd i en nasjonal kampanje ber vi i Naturvernforbundet i Orklaregionen om at kommunene Orkdal, Skaun, Agdenes og Snilfjordt vedtar regler som setter restriksjoner mot bruk av vannskuter.

Tiltak mot frislepp av vass-skutarar 
 
Kjære ordførar 
 
Kystnaturen er noko av det vakraste, mest særprega og dyrebare vi har! 
 
Sjøfugl, kystnatur og friluftslivet langs kysten har det betre utan for mykje støy og motorisert trafikk.  Regjeringa har oppheva dei nasjonale forskriftene for vass-skutarar, og det vil gi meir bråk og forstyrringar nært opp mot land. Sårbare sjøfuglbestandar vil bli påverka av meir trafikk, og det kan vera til skade for det fredelege friluftslivet.  
 
Vi håper du så fort som mogleg tek initiativ til å få laga eit regelverk for kommunen som avbøtar skadeverknadane mest mogleg. Forslag til korleis ein kan gjera dette, kan bli henta frå Oslo, Nøtterøy eller Tjøme kommunar. 
 
Jo fleire kommunar som vedtek eit fornuftig regelverk, jo betre blir det for fugl og folk. Vi håper at du vil ta eit slik initiativ for å hindre at farvatna rundt Agdenes ikkje blir redusert til ein støyande leikeplass for dei få. Lat oss ta vare på eit sårbart dyre- og fugleliv – og naturgleda for det store fleirtalet! 
 
Lykke til! 
 
Vi sendar eit tilsvarande brev til ordførarane i Snillfjord, Skaun og Orkdal, og ei samordning mellom kommunane er kanskje aktuelt? 
 
 
 
Beste helsing 
 
 
 
Mads Løkeland Naturvernforbundet i Orklaregionen