Slåttedugnad på Bjørndalen 26. august 2018

Naturvernforbundet og Grytdalens venner slår graset med maskin og ljå på Bjørndalen fjellgard fjerde året på rad. Vi held slåtteenga vedlike og dermed det rike biologiske mangfaldet i slåtteenger. Kom og delta på ein triveleg og dag saman med oss, på den verna fjellgarden. Vi stiller med kaffe, saft og vaflar. Det er ein kort og ein litt lengre tur for å koma til Bjørndalen.

Bjørndalen er ein fjellgard i Orkdal, rett utafor Grytdalen naturreservat (41 km2), der det ikkje har vore fastbuande på over hundre år.  Les heftet om Bjørndalen, slåttemark og slåttedugnaden 2018.

Slåttedugnad og naturglede

Bjørndalen er ein vakker liten gard, med ei stor slåttemark rundt, der vi har rydda buskas og trær og har slått graset kvart år sida 2014.  Fylkesmannen gir oss økonomisk stønad for å vedlikehalda slåttemarka, som er ein raudlista naturtype, og viktig for å oppretthalda eit rikt biologisk mangfald, med plantar, insekt, sopp og fuglar.

Bjørndalen er eit fint turmål, og ein naturleg stopp på vandringar gjennom det flotte naturreservatet Grytdalen, der Grytdalens venner i år har merka fleire stiar og sett opp skilt.  Turen frå Fjellkjøsvatnet er ikkje så lang, og egnar seg godt for barnefamiliar.  Spesielt gjeld det på dugnadsdagen, då vi held bommen open.  Elles er det lurt å bruke sykkel mellom bommen og enden av vegen, der stien til Bjørndalen startar.

26. august arrangerer vi slåttedugnad, der det har vore mellom 15 og 40 deltakarar.  Vi slår gras med ljå og slåmaskin, raker saman graset og trekker det unna med presenningar.  Då får dei spesielle artane i slåttemarka gode vilkår.  Fylkesmannen krev at graset skal bli liggjande på bakken nokre dagar før det blir fjerna, slik at frøa skal ramle av.  Derfor vil det meste vera slått nokre dagar tidlegare, så det blir mest ljåslått, raking, rydding og fjerning av graset på dugnadsdagen.  Vi har det utstyret som trengst til arbeidet, lagra på Bjørndalen; rive, ljå, presenning, slåmaskin etc. 
Les Skjøtselsplan for Bjørndalen slåttemark.

Det er benkar og bord utom den gamle trønderlåna, der vi serverer vaffel, kaffe og saft.  Annan mat må du ha med sjølv.  Folke Forfang vil fortelja om Bjørndalens historie, ikkje minst frå perioden då Christian Thams eigde Songli og dreiv med jakt og ei form for biologisk forvalting av Grytdalen.

Slik kjem du til Bjørndalen

Det er to alternativ:

1. Køyr fylkesveg 710 frå Orkanger i retning Agdenes og ta av mot Husdalen i Geitastrand.  Du passerer ein bom (kr 60), og køyrer til enden av vegen (du passerer ein bom ved Fjellkjøsvatnet, som vanlegvis er stengt, men som vi held open kl 09:00 – 15:00 på dugnadsdagen 26. august).  Derfrå er det ca 20 minutt gange til Bjørndalen (1,2 km).  Det kan vera fuktige parti.

2. Køyr E39 frå Orkanger, og ta av mot fylkesveg 714 rett etter tunnellen ved Gangåsvatnet.  Ikkje køyr på veg 714, men ta straks av til høgre mot Songli og parkere der.  Gå på skogsvegen inn i Grytdalen mot Hjortdalshytta og ta av til høgre mot Bjørndalen etter 2,8 kilometer (skilta).  Stien mot Bjørndalen er merka.  Totalt ca 4,7 km.  Det kan vera fuktige parti.

Velkomen til ein triveleg dag på Bjørndalen

Det er mogleg å leige lokale/ hus som høyrer til Songli eigedom, og det er planar om å utvide dette til også å gjelde Bjørndalen.

Lenke til kalender og kontakt for utleige på Songli.