Lokallaget i Orklaregionen sender brev til Miljøverndirektoratet om kartlegging av tungmetaller i Orkdalsfjorden

Avrenning fra gruvene på Løkken har i flere år vert en forurensningskilde gjennom transport av tungmetaller til Orkdalsfjorden. I forbindelse med planlagt flytting av regional havn fra Trondheim til Orkdalsfjorden har Trondheim kommune laget omfattende planer for en opprydning av havneområdet. Naturvernforbundet sender nå brev til Miljødirektoratet hvor en ber om at tilsvarende tiltak også gjøres i Orkdalsfjorden

Miljødirektoratet

post@miljodir.no

Opprydding av sjøbotn innerst i Orkdalsfjorden

Vi viser til planlegginga rundt ei eventuell utbygging av Orkanger hamn på Grønøra vest, der Orkdal kommune nyleg har vedteke ny arealplan for kommuneplanen, etter ønske frå Trondheim havn iks.

Som ein del av utbyggingsplanen inngår mudring ned til 10 mers djup av eit område for manøvrering av skip.  Etter planen skal den mudra massen bli brukt til oppfylling av Grønøra vest, for å etablere nytt havneareal.

I Orkdalsfjorden kan det vera slept ut meir 20.000 tonn kopar som avrenning frå Løkken gruver og frå dei andre gruvene i området.  I tillegg er det store mengder sink og andre tungmetall.  Dette ligg lagra i sedimenta, sannsynlegvis mest innerst i fjorden.  Etter at gruva vart stengt i 1987 har avrenninga gått kraftig ned, slik at det øvste laget av sediment kan vera mindre forureina.

Det har vore fleire undersøkingar av miljøtilstanden i Orkdalsfjorden opp gjennom åra, og for ein del år sida viste desse undersøkingane ein særs alvorleg forureiningstilstand.

Vi ser det som temmeleg risikabelt å setja i gang med mudring, og påfølgjande lagring av mudra og forureina massar i ei fylling langs utløpet av den nasjonale lakseelva Orkla, utan at det har vore gjennomført tilsvarande grundige undersøkingar og risikoanalyse som det er gjort rundt oppryddinga i Trondheim havn, som er i ferd med å starte.

Vi ber difor om at det blir gjort vesentleg betre (og djupare) undersøkingar av sjøbotnen, og ei risikovurdering, både av mudringsprosessen og av spørsmålet om deponeringa.

  • Er det trygt å starte mudring i den forureina sjøbotnen?
  • Er massane karakteriserte med omsyn på om dei vil vera spesialavfall med behov for spesiell deponering?
  • Er det trygt å leggja forureina massar i eit deponi langs den nasjonale lakseelva Orkla?
  • Korleis kan ein best rydde opp i, eller hindre skade frå gamal forureining i indre del av Orkdalsfjorden? 

Nærare gjennomgang

Gjennom den moderne driftsperioden til Løkken gruver, frå 1905 til 1987, har det blitt sluppet ut ekstreme mengder tungmetall i Orkdalsfjorden, både via Orkla, men også direkte gjennom røyrleidning frå Løkken gruver til Orkdalsfjorden.  Basert på tal frå Miljøstatus Noreg[1] kan ein rekne seg fram til at det i Orkdalsfjorden er slept ut minst 20.000 tonn kopar og store mengder sink og andre tungmetall, indirekte via Orkla og direkte gjennom røyrleidning i perioden 1952-84.  Utsleppet har vore mellom 300 og 450 tonn kopar i året.  Granskingar av forureininga har vist store forureiningar både i resi­pient­under­søkinga i 1974[2], som viste ekstreme verdiar av kopar, sink og bly i blåskjell og krabbe og i NIVAs rapport frå 1983[3] som konkluderte med at botnsedimenta i Orkdals­fjorden var forureina med kopar, sink og kadmium.

«Det største problemet i Orkdalsfjorden er innhold av tungmetaller og organiske miljøgifter, og spesielt er innholdet av kobber høyt i hele fjordsystemet.»[4]

Norconsult har utført arbeid rundt planlegginga av regionhamn i 2014, og skriv:

«Norconsult oppfordrer til en grundig kartlegging av forurensnings­tilstanden i sjøbunnen før mudring og utgraving av havnebassenget fortsettes. Dette er viktig kunnskap å få på plass som en del av et beslutningsgrunnlag.»[5]

Det arbeidet som hittil er gjort for å avdekke miljøtilstanden i sjøbotnen i samband med planane om regionhamn er basert på få

Det arbeidet som hittil er gjort for å avdekke miljøtilstanden i sjøbotnen i samband med planane om regionhamn  prøver, og dei fleste er berre teke nokre få cm ned i botnslammet.

Helsing

Mads Løkeland

Leiar i NVF Orklaregionen

Knut Bonvik
Nestleiar i NVF Orklaregionen


[1] Miljøstatus Norge, http://www.miljostatus.no/lokken-gruber, publisert av Miljødirektoratet 03.03.2014

[2] Videnskabsmuseets zoologiske serie 1974-9, Resipientundersøkelsen av Trondheimsfjorden.

[3] NIVA rapport 21.09.1983

[4] Miljøundersøkelser i Orkdalsfjorden 2008-2009, Rådgivende Biologer AS 1225

[5] Konsekvenser for marint naturmiljø.  Norconsult 25.03.2014