Årsmøte lokalavdelinga av Naturvernforbundet

Lokalavdelinga i Orklaregionen hadde 9.februar et godt besøkt årsmøte på Follo. Her følger et kort møtereferat med oversikt over valgte styremedlemmer

Naturvernforbundet i Orklaregionen har hatt årsmøte, og har vald nytt styre. Det nye styret er: Knut Bonvik (Orkdal), Nina Therese Helgemo (Skaun), Steve Halsetrønning (Orkdal), Livar Ramvik (Snillfjord), Mads Løkeland (Orkdal), Asbjørn Solberg (Skaun). Knut Bonvik vart attvald som leiar av lokallaget. Lokallaget omfattar Skaun, Orkdal, Meldal, Snillfjord og Agdenes.

Lokallaget har hatt eit høgt aktivitetsnivå i 2010, og blant dei mange sakene som engasjerte oss, vil vi nemne spesielt:

• Råbygdsfjæra: Vi samarbeidde med ei aksjonsgruppe frå lokalbefolkninga, og er glade for eit positivt resultat så langt. Vi ser opitimistisk på framtida til fjæra og arbeider vidare med å få til eit statleg vern.

• Grytdalen verneområde: Vi ønskjer å gjera dette til landets første større verneområde med totalvern, slik at det kan bli eit referanseområde for biologisk mangfald og samtidig få til fornuftig bruk og forvaltning av Songli forsøksgård, til beste for forsking og naturoppleving. Det vil også hindre at området kan bli selt til private. Ein delegasjon frå Naturvernforbundet sentralt og lokalt, Grytdalens venner og Orkdal kommune fekk leggja saka fram for statssekretær Heidi Sørensen, som var interessert i initiativet og kanskje kjem på befaring i løpet av sommaren. Denne saka blir ei av hovudsakene for oss også i 2011.

• Vindkraft og kraftliner: Det er store utbyggingsplanar som vil leggja beslag på store og viktige, og i fleire tilfelle inngrepsfrie naturområde i regionen. Vi har lagt stor vekt på å få fram utgreiingane som viser at energieffektivisering kan frigjera så mykje energi at vi i løpet av få år får slutt på alle problem med energiforsyninga i Midt Noreg. Formålet med ny kraft og nye kraftliner er dermed i fyrste rekke eksport, noko som vi ikkje ser som tilstrekkeleg grunn til å byggja ned dei rike naturverdiane i området i så ekstremt omfang.

• Forureining frå Løkken gruver: Her har vi engasjert oss saman med Meldal kommune og andre gjennom fleire år, og er særs glade for det gjennomslaget som kom i år med store løyvingar over statsbudsjettet. No er det spørsmål om kva metode ein skal bruke i oppryddinga, og også her står vi saman med Meldal kommune, og meiner at det beste er at det blir etablert eit reinseanlegg for å få best mogleg kontroll med avrenninga, og dermed også sikrast vern av Orkla. • Orkdal 2040: Her har vi kome med fleire innspel, mellom anna når det gjeld grøntområde, nybygg i passivhusstandard og kollektivtransport.