Avlys vindkraftplanen for Remmafjellet
Naturvernforbundet i Orklaregionen sendte 26.06.2019 høyringsuttale til Statkrafts søknad om utsetting av konsesjonen for Remmafjellet vindkraftanlegg, ikkje langt frå Geitfjellet som Statkraft har under bygging. Vi går sterkt mot anlegget, krev tilbaketrekking av konsesjonen og ber Statkraft om å trekke seg ut av dette.
Naturvernforbundet skriv mellom anna:
Vi viser til søknad om endring av konsesjon for Remmafjellet vindkraftanlegg frå Statkraft av 08.03.2019, med søknad om utsett idriftsetting til 31.12.2024. Vi krev at søknaden blir avvist og konsesjonen trekt attende.
Vi har oppfatta det slik at søknaden formelt sett ikkje er sendt på høyring enno, men vi ønskjer allereie no å uttrykke vårt syn. Vi kjem eventuelt attende med tilleggsuttale når søknaden blir sendt på høyring.
Den opphavlege konsesjonen vart gjeve med grunnlag i ei konsekvensutgeiing om naturmiljø frå 2010 (Ask rådgivning) og konsesjonsbehandling i perioden 2010-2013. Etter den tid har det kome ny informasjon om konsekvensar for naturmiljøet som ikkje vart vurdert på den tida, og som må bli vurdert i dag som grunnlag for å vidareføre/ utsetja konsesjonen. Det er i tillegg grunnlag for kritikk av det gamle vedtaket om konsesjon, og den seinare klagebehandlinga i departementet når det gjeld konsekvensar for flaggermus, som ikkje vart vurdert i det heile tatt.
Krav om god og tilstrekkeleg utgreiing blir slått fast i forvaltingslova § 17: «Forvaltningsorganet skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes» og naturmangfaldlova § 8 om kunnskapsgrunnlag. Ved mangelfull kunnskap trer også nml § 9, føre- var prinsippet inn. I tillegg stiller nml § 7 krav til pliktmessig vurdering av samtlege paragrafar, nml §§ 8 – 12.
Ny kunnskap og ny situasjon
5. mai 2019 la FNs naturpanel fram sin første og skremmande rapport om tap av artar, med konklusjonar som kan bli knytt direkte opp mot det planlagde anlegget når det gjeld tap av leveområde. Konvensjonen for biologisk mangfald (CBD), som Noreg er forplikta av, har i tillegg eit oppdatert krav om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2020.
Det har også blitt ein heilt ny politisk situasjon når det gjeld vindkraft i Trøndelag, med sterk folkeleg og politisk motstand i mange område og fleire politiske organ, retta mot ytterlegare utbygging av vindkraft på land i Trøndelag.
Vi er glade for det som Statkrafts direktør for sol og vind, Steinar Bysveen har uttrykt: «Vi bygger ikke ut norsk natur for eksport[1]». Dette vart uttrykt i samband med at Statkraft har annonsert at dei trekker seg ut av vindkraft på land.
Vi vil oppmoda Statkraft om å følgje opp dette ved å trekke søknaden og avslutte planen om vindkraft på Remmafjellet. Gjennom bygginga av Geitfjellet vindkraftanlegg (også Statkraft) like ved, har Snillfjord/ Orkland allereie fått stor nok belastning frå vindkraftanlegg.
Vår konklusjon
- Forlenging av anleggskonsesjonen må bli avvist med grunnlag i vesentlege manglar når det gjeld vurdering av naturmiljø (naturmangfaldlova §§ 7, 8, 9) og forvaltingslova § 17.
- Det må bli gjennomført ei ny og omfattande konsekvensutgreiing for påverknaden på naturmangfald og landskap før søknaden eventuelt kan bli vurdert.
- Det er manglande vurdering av lovpålagde tiltak mot forureining
- Anlegget er samfunnsøkonomisk ulønsamt, og dermed i strid med NVEs oppdrag
[1] Bergensavisen 25.04.2019