Brev til Statkraft om å trekke seg frå Remmafjelelt

29.11.2019: Naturvenforbunda i Trøndelag og Orklaregionen, Orkla Jeger og Fiskerforening, Trondheim Turistforening og Norsk Ornitologisk forening Trøndelag: Vi ber Statkraft Vind Utvikling DA trekke seg frå planen om å etablere vindkraft på Remmafjellet i Snillfjord og dermed bidra til at dette området blir bevart for oss og for framtidas generasjonar, både når det gjeld natur­verdiar, landskap og friluftsliv.

Avslutning av planen om vindkraft på Remmafjellet i Snillfjord/ Orkland

Vi ber Statkraft Vind Utvikling DA trekke seg frå planen om å etablere vindkraft på Remmafjellet i Snillfjord og dermed bidra til at dette området blir bevart for oss og for framtidas generasjonar, både når det gjeld natur­verdiar, landskap og friluftsliv.

Vi har registrert at Statkraft tidleg i 2019 trekte seg frå vidare arbeid for vindkraft på land i Noreg, og at Statkrafts direktør for vind og sol, Steinar Bysveen uttrykte situasjonen slik: «Vi  bygger ikkje ut norsk natur for eksport»[1].

Dette er eit standpunkt vi delar, og vi oppmodar Statkraft om å ta konsekvensane av dette, og avslutte alt vidare arbeid med utbygging på Remmafjellet.

FNs naturpanel har slått fast at tap av leveområde er den viktigaste årsaka til at 1 million artar står i fare for utrydding. Eit vindkraftanlegg, med sine turbinar, vegar og stor menneskeleg aktivitet er eit tapt leveområde for mange artar.

Ingen gyldig konsesjon for Remmafjellet

Konsesjonen for Remmafjellet krev at anlegget skal vera i drift seinast 1. oktober 2020, noko som ikkje er mogleg, slik at det i realiteten ikkje er ein gyldig konsesjon for vindkraft på Remmafjellet.

Vi kjenner til at Statkraft har søkt utsetting til 31.12.2024, og etter vår oppfatning er dette i realiteten ein heilt ny søknad om utbygging, og må bli vurdert ut i frå dagens kunnskap, og med dagens haldning til ytterlegare vindkraft i Trøndelag. Dersom søknaden blir oppretthalde, vil vi krevja full ny konsekvensutgreiing.

Vi vil også vise til NVE om dette:

«Dersom anleggene ikke er bygget innen frist for idriftsettelse, kan ikke prosjektet realiseres. Det må søkes ny konsesjon med oppdaterte utredninger med utgangspunkt i dagens teknologi dersom prosjektet ønskes videreført[2]

Stor motstand mot meir vindkraft i Trøndelag

Vi viser til vedtak i Orkdal kommunestyre 04.09,2019, som tek spesielt opp Remmafjellet:

«Orkdal kommunestyre benytter anledningen til å be Statkraft Vind Utvikling DA skrinlegge utbyggingsplanene for Remmafjellet vind kraftverk.»

Før kommunestyrevalet i 2019 sa alle partia i nye Orkland kommunestyre unisont ja til følgjande spørsmål:

«Vil ditt parti si nei til ny vindkraft i Orkland?[3]»

Vi vil også vise til vedtak i Trøndelag fylkesting 12.06.2019:

«Trøndelag fylkeskommune fraråder den foreslåtte rammen for vindkraft på land og er innstilt på å kunne påklage ytterligere konsesjonssøknader for landbasert vindkraft i Trøndelag.»

Snillfjord kommunestyre vedtok 24.04.2019 å seia nei til vindkraft på Remmafjellets nabo, Svart­hammaren, med det overtydande røystetalet 13 – 4.  Geitfjellet er under bygging, men motstanden mot å ha ytterlegare vindkraft i Snillfjord er stor, både i befolkninga og politisk.

Ikkje minst kom det til uttrykk gjennom sterk motstand mot «Nasjonal ramme» i alle kommunane i regionen.

Mangelfulle konsekvensutgreiingar

Gjennom arbeidet med «Nasjonal ramme for vindkraft» har det kome mykje ny kunnskap, om fuglar, flaggermus, insekt, myr, naturtypar m.m. Mykje av dette vart aldri, eller dårleg vurdert i den gamle konsekvens­utgreiinga for Remmafjellet, og må bli gjenstand for ny vurdering dersom Statkraft opprettheld søknaden om forlenga konsesjon.

Ikkje minst har det kome ny kunnskap om Hubro, og kor stor negativ verknad vindkraftutbygging har for Europas største ugle. Områda i Snillfjord og Agdenes er karakteriserte som dei viktigaste hubro-områda i sørlege del av Trøndelag. Flaggermus er ikkje vurdert med eit einaste ord, sjølv om Noreg har spesielt ansvar gjennom konvensjonen EUROBATS for å ta vare på Europas flaggermus. På Songli, ikkje langt frå Remmafjellet, er det registrert fleire artar flaggermus, også raudlista. Det er eit klårt brot på for­valtingslovas og naturmangfaldlovas krav om kunnskap ikkje å gjennomføre ei vurdering før vedtak.

Myr har fått ein heilt annan status enn då den gamle konsekvensutgreiinga vart gjennomførd, både når det gjeld økologi og som karbonlager. I Skottland er det laga eit vurderingsverktøy for myr, klima og vindkraft, og skottane har vist at i visse myrområde kan utsleppet av klimagass bli større enn gevinsten gjennom levetida til eit vindkraftanlegg.

Friluftsliv

Snillfjord kommune har gjennomført ei registrering av viktige friluftsområde, og Remmafjellet er eit av områda som kommunen har gjeve slik status. Det er eit populært område for friluftsliv, både sommar og vinter.  Vi viser også til at anlegget vil vera negativt for hjorteviltet, som har fleire registrerte trekkruter gjennom området.

Magne Vågsland, leiar i Naturvernforbundet i Trøndelag
Frode Støre Bergem, leiar i Trondhjem turistforening
Charlotte Hallerud, nestleiar og naturvernkontakt Norsk ornitologisk forening avd. Trøndelag
Dag Mæhle, leiar i Orkla jeger- og fiskeforening
Mads Løkeland, leiar i Naturvernforbundet i Orklaregionen


[1] Bergensavisen 25.04.2019

[2] Praksis for forlengelse av frist for idriftsettelse og prioritering av detaljplan/MTA for urealiserte vindkraft­konsesjoner på land, brev frå NVE til konsesjonærar, 27.11.2019

[3] Eit av spørsmålat Naturvernforbundet i Orklaregionen stilte til partia. Alle 12 parti svarte ja på spørsmålet.

Brevet som pdf-fil

Vedlegg: Høyringsuttale om forlenging av konsesjon for Remmafjellet, Naturvernforbundet i Orklaregionen, 26.06.2019