Dugnaden på Songli 7. august

7. august var det nok ein vellukka dugnadsdag på Songli, med ca 15 deltakarar.

Dugnadsgjengen hadde mange oppgåver, mellom anna:

  • skar ned trær
  • rydda kratt
  • skrapa vegg for maling
  • stabla ved
  • klargjorde Nilsstuggu
  • la ny torv på den freda Garntørkebua

Det var god stemning, og mykje godt arbeid vart gjort – og med triveleg samling til kaffekos.

Takk til Grytdalens venner for det flotte initiativet.

Framover blir det nye dugnadsdagar, foreløpig kvar andre tysdag:

21. august, 4. september, 18. september ….
Alle dagar startar vi kl 17.

Under er det eit fotogalleri der du skiftar ved å klikke midt i, heilt til høgre.  Alternativt velje foto med dei runde kulene nederst.

Foto: Kjetil Kroksæter og Mads Løkeland