Energisentral, klimagass og utslepp til Orkdalsfjorden

Norsk Kylling har søkt om å etablere ein energisentral på 25 MW, basert på fossil gass (LPG/ propan) som reserve/ tillegg ved streng kulde eller når Thamshavn verk ikke kan levere varme (revisjonsstans etc). Sentralen blir berre i drift av og til, men fordi den er så stor, blir det forventa årlege utsleppet av klimagass ganske stort. 2.300 tonn årleg utslepp av CO2, tilsvarande 15% av utsleppet frå vegtrafikken i Orkdal. Norsk kylling søkjer i tillegg om utslepp av biologisk materiale frå slakteriets reinseanlegg og utslepp av varmt kjølevatn.

Innlegg sendt Sør Trøndelag:

Norsk Kyllings energisentral og klimagass

Det har akkurat vore store demonstrasjonar og streikar over heile verda, i protest mot at det ikkje blir gjort tilstrekkeleg for å redusere utsleppet av klimagass. Då er det viktig at vi også lokalt gjer det vi kan for å redusere våre utslepp, men dessverre kan det gå feil veg.

Norsk Kylling har søkt om å byggje eit stort fyringsanlegg på ca 25 MW med fossil gass. Anlegget vil bli brukt som tillegg/ reserve i kuldeperiodar når fjernvarmen ikkje kan levere nok, og når Thamshavn verk ikkje leverer (revisjonsstans etc).  Sjølv om fyringsanlegget berre vil vera i drift av og til, så blir det mykje klimagass, fordi anlegget er så stort.

Det er søkt Fylkesmannen om å produsere 8,3 millionar kilowattimar i året, ved brenning av fossil gass, LPG (propan). Organisasjonen Norsk Fjernvarme bruker 274 g CO2/ kWh for å rekne ut utslepp av klimagass ved fyring med LPG. Det gir eit utslepp på 2.300 tonn CO2 i året frå fyringsanlegget. Det er store mengder, og svarer til 15 % av utsleppet frå vegtrafikken i/ gjennom Orkdal.

Eit nærliggjande alternativ er å konstruere anlegget slik at det kan bli fyrt med biogass, mest mogleg lokalt produsert frå husdyrgjødsel etc. For å få nok biogass, trengst det ein forpliktande plan om å utvikle lokal produksjon av biogass og eventuelt sikre leveranse frå andre. Å få i gang lokal produksjon av biogass vil i tillegg redusere utsleppet av klimagass frå landbruket i kommunen.

Orkdal kommune må setja krav om ein energisentral utan fyring med fossil gass, eventuelt med ein kort overgangsperiode til fossilfritt alternativ. Kombinert med lokal produksjon av biogass kan anlegget endre karakter, og i staden bli eit positivt bidrag til å reduser utsleppet av klimagass i kommunen. Dette dreier seg om å ta klimaet på alvor, både for Orkdal kommune og Norsk Kylling.

Naturvernforbundet i Orklaregionen

Mads Løkeland-Stai