07.nov 2023

Kva skjer med klimakrisa når oljelanda skal styre FNs klimatoppmøte i Dubai?

Hva: Foredrag og spørsmål
Når: 07.nov, kl. 19:30
Hvor: Litteraturhuset i Trondheim

Møte med Svein Tveitdal, tidlegare leiar for sekretariatet i FNs klimapanel før klimatoppmøtet i Dubai.

FNs klimatoppmøte (COP28) Dubai 30.11-12.12 2023.

COP28 foregår i De forente arabiske emirater (UEA) og oljesjefen i landet skal vere president for møtet. Internasjonal oljelobby vil som vanleg ha den største delegasjonen til møtet.

Dette lovar ikkje godt for global oppvarming. Vi slepp reven inn i hønsegården, seier Svein Tveitdal.

Tidligere leiar for sekretariatet for FN sitt klimapanel

Svein Tveitdal har lang fartstid i arbeid for klima og miljø. Han er tidlegare leiar for sekretariatet for FNs klimapanel og har delteke på FNs klimatoppmøter sidan starten på 1990 talet. Han har skrive mange artiklar og analyser om klimapolitikk, korleis toppmøta fungerar og kva dei betyr for globalt klima.

Tveitdal er grunnleggar av GRID Arendal som er eit internasjonalt senter for informasjon om miljøspørsmål.

Han har hatt  mange verv og arbeidsoppgåver for klima og miljø i Noreg og Internasjonalt og kjenner global klimapolitikk svært godt. Han er mangeårig medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon og har vore aktiv i miljørørsla lenge.

Tveitdal har i dag 350 000 følgarar på Twitter og er rangert blant dei 20 viktigaste internasjonale stemmene for klima og miljø.

I november er Svein Tveitdal og forfattaren Sigbjørn Mostue på turne til skolar i Trøndelag med foredraget «Håp eller Katastrofe», om klimaendringane og jordas framtid. Turneane har gitt dei høve til å møte fleire tusen ungdommar som fortel om kva dei tenkjer om klima og framtida.

På møtet vil Tveitdal innleie om korleis klimatoppmøta fungerer og vil også svare på spørsmål om dagens klimasituasjon både nasjonalt og globalt.

Gratis, men med påmelding: Kva skjer med klimakrisa når oljelanda skal styre FNs klimatoppmøte i Dubai? – Litteraturhuset i Trondheim