Ikkje grunnlaus politimelding

Kraftselskapet som driv Skjenaldfossen kraftverk, og som regulerer Gangåsvatnet og Våvatnet, hevdar at det var grunnlaust av Naturvernforbundet i Orklaregionen å melde dei til politiet. I dette innlegget, som stod i Sør Trøndelag 18.09.2018, gir Naturvernforbundet tilsvar, og forklarer kvifor det var god grunn til å melde kraftselskapet til politiet for brot på verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat, og brot på naturmangfaldlova § 6 (om å ta miljømessige omsyn). Spørsmålet er kva som skal ha forrang, reguleringsvilkåra frå 1922 eller verneforskrifta frå 1984 og naturmangfaldlova frå 2009.

 

Innlegget

Børre Sivertsvoll, daglig leder i Chr Salvesen & Chr. Thams Communications Aktieselskab, skriv (ST 15. sept 2018) at det var grunnlaust då Naturvernforbundet i Orklaregionen meldte selskapet til politiet for brot på verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat, og brot på naturmangfaldlova (§ 6 om å ta miljømessige omsyn).  Han skriv vidare at selskapet ikkje har regulert Gangåsvatnet meir enn det som er tillate etter reguleringsvilkåra.

Vi har aldri hevda at vatnet har vore tappa ned eller fylt opp meir enn det som kjem fram av reguleringsvilkåra, slik dette var ikkje ein del av vår melding til politiet.  Det som gjorde at vi meldte selskapet til politiet, var at det har vore fleire tilfelle av at Svorkmyran naturreservat har vore oversvømt og tørrlagt på grunn av regulering av Gangåsvatnet, ikkje minst i hekkesesongen, noko som er i strid med verneforskrifta.  Vi skreiv til Fylkesmannen i Trøndelag for å få vite korleis dei ser på dette, og i brev til oss 15.07.18 skriv Fylkesmannen mellom anna om Svorkmyran: «Ut fra ordlyden i forskriftens kap. IV.3 om at det ikke må iverksettes tiltak som kan endre de naturgitte forhold kan aktiv regulering av vannstanden være å anse som ulovlig. Fylkesmannen er kjent med at det har skjedd uheldig opp/nedtapping av vannet i forhold til fuglelivet, eks. at reir nær vannkanten har blitt oversvømt

Sommaren 2018 var ein av somrane med nedtapping av vatnet i hekkesesongen, slik at Svorkmyran vart tørrlagt.  Sivertsvoll hevdar at selskapet har vist omsyn til miljøet ved at ein fram til 18. juni ikkje tappa vatnet lengre ned enn til ein meter over lågaste tillatne nivå.  Dette viser at vi har sterkt avvikande syn på kva det vil seia å vise omsyn til miljøet.  Å tappe Gangåsvatnet så langt ned, medfører tørrlegging av Svorkmyran, noko som er spesielt alvorleg i hekkesesongen.

Saka dreier seg om det skal vera lov å operere med så aktiv regulering av Gangåsvatnet at det er til skade for verneformålet i Svorkmyran.  Vi hevdar som sagt ikkje at dette er eit brot på reguleringsvilkåra, men at det er eit brot på verneforskrifta for Svorkmyran og på naturmangfaldlova.  Det som politiet skal vurdere, er spørsmålet om kva som er overordna lovverk i dag, dei gamle reguleringsvilkåra frå 1922, som vart gjevne utan omsyn til naturmiljøet, eller verneforskrifta for Svorkmyran frå 1984 og naturmangfaldlova frå 2009.  Eit vanleg prinsipp i juridiske spørsmål er at nyare lovgiving har forrang føre eldre lovgiving.

Fylkesmannen uttrykker i hovudsak same syn som oss, når dei skriv at aktiv regulering av vasstanden i Gangåsvatnet kan «være å anse som ulovlig», og vi avventar korleis politiet vurderer dette.

Vi håper også at denne saka vil bidra til at dei gamle reguleringsvilkåra for Gangåsvatnet blir tekne opp til revisjon, slik at dei i framtida tek omsyn til dagens miljøkrav, slik både vi og Stokkhaugen hytteforening har kravd i brev til NVE.

 

Mads Løkeland

Naturvernforbundet i Orklaregionen