Klage på vedtak om nytt utsleppsløyve for Washington Mills
Washington Mills produserer silisiumkarbid og produkt av silisiumkarbid. Bedrifta søkte om revidert utsleppsløyve, og Naturvernforbundet i Orklaregionen leverte høyringsuttale til søknaden. Vi ville mellom anna ha redusert utslepp til sjø og at det blir innført reinsing av gass og støv frå smelteomnane på line med dei krava som er stilte til konkurrenten, Saint Gobain i…
Sjå ogs lenker under, til nytt utsleppsløyve og til vår klage på utsleppsløyvet.
Dette brevet vart sendt til Miljødirektoratet 3. september 2018:
Uttale til søknad om revidert utsleppsløyve, Washington Mills
Vi viser til Miljødirektoratets annonse om Washington Mills søknad om revidert utsleppsløyve, og oppslag på direktoratets nettsider, der ein blir invitert til å koma med merknadar innan 1. september 2018.
Dessverre vart innsendinga av høyringsuttalen vår avgløymd 01.09.18 på grunn av sjukdom, slik at vi sendar inn 2 dagar for seint, men håper at det blir teke omsyn til våre synspunkt likevel.
Oppsummert
- Utslepp av tungmetall
Nivået på utslepp av tungmetall til sjø er for høgt, og utsleppsgrensene må bli sett lågare. Utsleppet kjem som tillegg til andre forureiningskjelder, og det går rett ut i det viktige brakkvassområdet Gjølmesørene/ Råbygdfjæra, ved utløpet av eit nasjonal laksevassdrag og ut i ein nasjonal laksefjord. - Kortreist trekol (biokarbon)
Bedrifta bør bli bede om å vurdere heil eller delvis bruk av trekol (biokarbon) til erstatning for fossil koks for å redusere utsleppet av svovel (SO2), polysykliske hydrokarbonar (PAH) og karbondioksid (CO2). Vi er kjende med at det har vore eit prosjekt om dette ved Saint Gobain i Lillesand. - Støv og avgassar frå SiC-produksjon
Dagens metode for produksjon av silisium karbid med open Acheson omn gir omfattande utslepp av støv, gassar, PAH et. I søknaden blir det ikkje omtalt tiltak for å redusere dette.
Vi viser til nyleg revidert utsleppsløyve for Saint Gobain i Lillesand, der det blir omtalt tiltak for full reinsing innan 2025. Miljødirektoratet meiner at dette er for seint, og uttaler: «Vi forutsetter at bedriften reviderer planen for lukking av ovner og rensing av hele avgassmengden slik at utslippene reduseres raskere.[1]» Tilsvarande tidsfrist for full reisnig må også gjelde Washington Mills.
Nærare omtale av punkt 1 og 3
1. Utslepp av tungmetall ved utløpet av Skjenaldelva og Orkla
Utsleppet går via ein kanal til brakkvassområdet Gjølmesørene/ Råbygdfjæra, som har kommunal vernestatus. Dette er nær utløpet av Orkla og Skjenaldelva. I kanalen skjer det sedimentasjon, som medfører ei viss reinsing, før vatnet går over ein terskel og ut i brakkvassområdet.
Vi er overraska over det høge nivået på utsleppet av nikkel, som er eit prioritert stoff i vassforskrifta, som Noreg har forplikta seg til å redusere, og som er eit av fleire bidrag til at Orkdalsfjorden ikkje oppnår god kjemisk status.
Innhaldet av tungmetall blir fortynna ved utløpet, men blir blanda med vatn som frå før har eit visst innhald av tungmetall. Vi kjenner ikkje innhaldet av tungmetall i Skjenaldelva, men det finst data for Orkla og Orkdalsfjorden. Det er totalkonsentrasjonen som må bli vurdert. Bedrifta har vurderingar rundt dette i søknaden, men vi ser det slik at det ikkje har teke tilstrekkeleg omsyn til dette, og at det heller ikkje er vurdert at det her dreier seg om eit nasjonalt laksevassdrag og ein nasjonal laksefjord. Vi kan heller ikkje sjå at det er med i vurderinga at det forureina utsleppet går til eit viktig brakkvassområde med kommunal vernestatus.
Vi ber om at det blir gjennomført ei vurdering av totalkonsentrasjonen av tungmetall, PAH og andre stoff nær utløpet av Orkla og Skjenaldelva, og spesielt i brakkvassområdet Råbygdfjæra/ Gjølmesørenetsle, slik at utsleppet frå Washington Mills blir sett i samanheng med eksisterande forureining i Orkla, Skjenaldelva og Orkdalsfjorden. Totalkonsentrasjonen nær utløpet, og spesielt i det viktige brakkvassområdet må bli vurdert opp mot vassforskriftas grenseverdiar.
Vi vil i tillegg peike på at overgangen frå ferskvatn til saltvatn er krevjande for smolten, slik at det er spesielt uheldig med høg konsentrasjon av tungmetall i dette overgangsområdet. Brakkvassområda ved utløpet av elver, og i dette tilfelle Gjølmesørene/ Råbygdfjæra, er viktige område for sjøauren, som er sterkt truga i Orkla.
For oss ser det ut til at det omsøkte utsleppet, medfører risiko for å få totalkonsentrasjonar nær utløpet av Skjenaldelva og Orkla og i Råbygdfjæra/ Gjølmesørene som er større enn vassforskriftas grenseverdiar.
Når det gjeld Nikkel, vil vi vise til søknadens omtale av kjemisk tilstand i Orkdalsfjorden: «mens Indre Orkdalsfjord ikke oppnår god kjemisk tilstand grunnet overskridelser av grenseverdiene for nikkel». Nikkel er eit prioritert stoff i vassforskrifta, slik at det er spesielt viktig å halda totalutsleppet av nikkel på eit lågt nivå. Dagens utslepp frå Washington Mills er sannsynlegvis medverkande til at indre Orkdalsfjord ikkje oppnår god kjemisk tilstand.
Vår konklusjon
Situasjonen for forureining i Orkla og Orkdalsfjorden er slik at dei utsleppsgrensene som Washington Mills søkjer om, kan bli for høge til å kunne tilfredsstille vassforskriftas krav i utløpsområdet for Orkla og Skjenaldelva når det gjeld totalkonsentrasjon av tungmetall, PAH og andre stoff. Uavhengig av dette, er det feil å sleppe ut så sterkt forureina vatn i eit brakkvassområde som er spesielt viktig for sjøaure, smolt og fugl, og ved utløpet av eit nasjonalt laksevassdrag, og i ein nasjonal laksefjord. Det ser ut til å vera behov for meir omfattande reinsing enn dagens passive sedimentasjon i «kanalen».
3. Støv og avgassar frå omnshallen
Det blir i søknaden vist til at det i dag ikkje er reinsing av avgassane frå omnsproduksjonen, og at det dreier seg om høge utslepp. Det blir også vist til at bedrifta tidlegare har arbeidd for å få til reinsing, og at dei er kjende med at andre aktørar i bransjen arbeider med å utvikle metodar for reinsing.
Vi vil vise til at Saint Gobain i Lillesand nyleg har vore gjennom ein prosess med fornying av utsleppsløyvet, og at dei har lagt opp til å oppnå fullreinsing av alle omnane innan 2025 ved at dei innfører reinsing for 1 – 2 omnar kvart år.
Miljødirektoratet skriv i utsleppsløyvet for Saint Gobain:
«Miljødirektoratet mener bedriften må legge opp til en raskere fremdrift. Vi forutsetter at bedriften reviderer planen for lukking av ovner og rensing av hele avgassmengden slik at utslippene reduseres raskere»[2].
Det vil med andre seia at Miljødirektorat føreset at Saint Gobain skal oppnå reinsing av heile avgassmengda frå alle omnane fleire år før 2025. Washington Mills har ikkje vidareført arbeidet med få til reinsing på grunn av at dei ikkje har hatt vesentleg aktivitet i omnshallen dei siste åra, men har samtidig langt færre omnar som krev ombygging enn Saint Gobain. Ut i frå dette bør Washington Mills bli pålagt minst same tidsfrist for å innføre fullreinsing av avgassane som Saint Gobain, det vil seia fleire år før 2025.
Vi kjenner også til at bedrifta ESD-SIC i Delfzijl, Nederland, sida rundt 1990 har brukt ein modifisert Acheson-omn, der alle avgassar blir samla, reinsa og i tillegg brukt i energigjenvinning (energi frå brenning av CO-gass), den sokalla Freilandprosessen:
«The furnace is covered with a plastic film to capture the gases that are formed during the production process, to desulphurise them and to reuse them for energy production.[3]»
Helsing
Mads Løkeland
Naturvernforbundet i Orklaregionen
[1] Vedtak om endret tillatelse etter forurensningsloven, Saint-Gobain Lillesand. Miljødirektoratet 02.03.2018.
[2] Vedtak om endret tillatelse etter forurensningsloven, Saint-Gobain Lillesand. Miljødirektoratet 02.03.2018.
[3] ESD-SIC, Elektroschmeltzwerk Delfzijl, http://www.esd-sic.nl/en/production-process