Kor beiteprioritert område er Roktdalen?
Bestanden av bjørn er låg, langt under det talet som er fastsett. Likevel gav ministeren løyve til jakt på binne med ungar med tilhald i Roktdalen. Held grunngjevinga?
Illustrasjonsfoto av brunbjørn (iStock)
Fram til 2013 var Roktdalen ( i Snåsa og Steinkjer kommuner) del av forvaltingsområdet for bjørn. Altså at nemnda ønska at bjørnen skulle halde til der. I 2013 endra så nemnda dette, slik at Roktdalen blei beiteprioritert område. Kunne nemnda vedta ei slik endring? Var endringa klok?
Endra til beiteområde mot faglege råd
Endringa var i alle fall mot Miljødirektoratet sitt råd (Brev 4.10.13): «Området som er foreslått tatt ut ligger i tilknytning til områder med kjent forekomst av binner. Det er også et område hvor man lenge har hatt naturlig forekomst av bjørn, og som man uavhengig av forvaltningsområdet vil ha bjørneforekomst også i fremtiden.»
Då forvaltingsplanen vedtatt 22.3.2018 hadde same grense, blei spørsmålet tatt opp av departementet i brev av 26.4.2018: «Konsekvensene av en slik geografisk avgrensning kan bli at forvaltningen må legge større vekt på hensynet til bjørn enn til beitedyr i de tilgrensende områdene, selv om disse områdene er prioriterte beiteområder.»
Forvaltingsplanen blir etter rovviltforskrifta § 6 vedtatt av rovviltnemnda. Kan nemnda vedta kva som helst? Kan nemnda t.d. vedta at det ikkje skal vere noko forvaltingsområde for bjørn i region 6?
Ved seinare revisjon av forvaltingsplanen er det peika på at det manglar vurderingar etter naturmangfaldlova på ein del endringar av forvaltingsplanane. Det er då vist til at bruken av naturmangfaldlova er aktuell på kvart enkelt vedtak. Blir dette følgd opp?
Er forvaltningsområdet for bjørn stort nok?
Eit spørsmål i 2013 var om området avsett i forvaltingsplanen var stort nok etter at mellom anna Roktdalen blei tatt ut. Spørsmålet var ikkje meir avklara enn at NINA fekk i oppdrag å vurdere om forvaltingsområdet var stort nok i samband med revisjon av forvaltingsplanen i 2018. Eit svar fekk vi i 2021 i form av NINArapport 1952. Arealet var stort nok i alle fall teoretisk. Det er litt meir usikkert i praksis, mellom anna fordi bjørnen sine heimeområde ikkje nødvendigvis utnyttar plassen godt nok. Dessutan er det gode bjørneområder på utsida av forvaltingsområdet som vil lokke bjørnebinner over grensa.
I 2020, då binnebestanden var på det høgaste i nyare tid, fekk vi dei første registreringane av binne NT125 utanfor forvaltingsområdet. Då var denne binna klar til å etablere seg på eiga hand og kunne ikkje gå i same heimeområde som mor si. Det året var det dårleg plass i herberget. Kanskje vi her såg eit praktisk døme på at forvaltingsområdet var for lite.
Dyr og dårleg løysing
Eit spørsmål kan vere knytt til utnyttinga av forvaltingsområdet som følgje av familieband mellom dei ulike bjørnebinnene. Mor og dotter kan t.d. ha større overlapp enn om det er to binner som ikkje er i familie. Bjørnebinne NT97 er så langt vi veit mor til NT125. Dei har nok ein overlapp i heimeområde sør i forvaltingsområdet i Snåsa. Viss binne NT125 blir felt og talet på bjørnebinner skal oppfyllast på ny, er det stor risiko for at den nye binna vil bruke endå større areal utanfor forvaltingsområdet enn det NT125 no gjer.
Minister Barth Eide har lagt opp til å fjerne binne NT125, for så å vurdere løysingar for å få mange nok binner i området. Ein kan ikkje kjøpe bjørnebinner i butikken. Ein kan heller ikkje bestemme at NT97 skal dele plassen med ei adoptivdotter. Dessutan tar ting tid. NT125 var mest truleg 7 år gamal då ho fekk ungar for første gong no i vår. Ministeren si løysing er svært kortsiktig. Det vil koste dyrt å få på plass ny binne og ytterlegare nokre binner til som no manglar. Det er difor bruk for binne NT125 framover. Tingretten har med sin stans av vedtaket gjeve ministeren ein ny sjanse til å snu før det er for seint.
Vedtaket av forvaltingsplan i 2013 var uklokt, fordi det førte til at beitenæringa venta seg noko anna enn det bjørnebestanden kunne oppfylle. Det er tid for å reparere skaden. Forvaltingsplan for bjørn må i alle fall omfatte areala i Snåsa sør til grensa med Verdal.
Øystein Folden og Ellen Andersson
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Naturvernforbundet i Trøndelag
Forfatterne har sendt dette innlegget til flere aviser i Midt-Norge.
Bakgrunn for saken: Oslo tingrett stanser felling av binne og bjørnunger midlertidig – staten ber om snarlig behandling – adressa.no