La oteren leve i Orkla

25.03.2019: NINA konkluderer med at oteren «kan tarrotta på minken». Naturvernforbundet i Orklaregionen gjekk i brev til Fylkesmannen mot søknaden om fellingsløyve på inntil 5 otrar i Orkla, slik det var offentleggjort i avisa Sør Trøndelag. Fylkesmannen avslo 27.07.18 søknaden om fellingsløyve: «Fylkesmannen gir avslag på søknad om felling av oter som tar laks i elva Orkla. Oter er klassifisert som en trua art, og laks er en naturlig matkilde for arten. I tillegg vektlegges at det er yngletid for oter.»

 

Vi sendte brev til Fylkesmannen med argumentasjon mot å gje fellingsløyve:

Uttale til søknad om felling av 5 oter i Orkla

Det er blitt opplyst i lokalavisa Sør Trøndelag at Orkla fellesforvaltning har sendt søknad om fellingsløyve på 5 otrar for å redusere skade på laks i Orkla.

I følgje einnsyn.no vart søknaden om fellingsløyve vidaresendt frå Miljødirektoratet til Fylkesmannen i Nordland til behandling 16.07.2018.  Vi har bede Fylkesmannen Nordland om innsyn i søknaden, men har foreløpig ikkje fått tilsendt denne, og kjenner difor ikkje grunngjevinga i detalj, ut over den setninga som stod på avisas nettside.

Vi kjenner ikkje til kor rask sakshandsaminga blir her, og for å vera sikker på at vårt syn blir høyrd før det blir gjort vedtak, sendar vi dette foreløpige brevet, og ber om å få saka til uttale før det blir gjort eit endeleg vedtak.  Vi vil eventuelt sende meir utfyllande brev når vi får sett oss inn i søknaden og når vi får samla meir utfyllande kunnskap.

Vi vil generelt vise til at det er lite forsking på predasjon av oter på vill laks, og vil vidare vise til ein rapport om laks i Troms og Finnmark, som oppsummerer eksisterande kunnskap om predasjon på laks:

«Realiteten er at vi, på tross av hundre år med forskningsinnsats rundt laksen, til dags dato ikke har dokumentert noen negativ bestandsutvikling som skyldes predatorer som naturlig opptrer i økosystem sammen med laksen.»

Med denne bakgrunnen går vi mot at det blir gjeve fellingsløyve på oter i Orkla, og ber om at eit eventuelt løyve til felling ikkje blir sett i kraft før vi har hatt sjansen til å klage på vedtaket.

 

Vi har foreløpig følgjande moment som vi ber om at det blir lagt vekt på.

  1. Som kjent, er oter ein raudlista art (VU) i følgje Artsdatabanken, og arten krev difor spesiell omtanke når det gjeld forvaltinga.
     
  2. Å jakte fisk i elvene er ein del av oterens naturlege åtferd, og bør slik sett ikkje kunne bli brukt som grunn til fellingsløyve.
     
  3. Vi kjenner til at det blir gjeve fellingsløyve på oter som forsyner seg frå oppdrettsanlegg, men kan ikkje sjå at dette på noko vis er samanliknbart.
     
  4. Dersom det blir fellingsløyve på oter i Orkla, med grunngjeving i at den skadar laks, så vil det gje presedens når det gjeld søknad om felling også i andre lakselver omkring i landet.
     
  5. Lite forskingskunnskap.
    Det kan vera heilt andre tiltak enn felling som kan vera viktige for å redusere problemet med predasjon frå oter, dersom dette verkeleg er eit reelt problem for bestanden av laks.
    • I Orkla blir fangstmetoden «fang og slipp» praktisert for laksefisket i ei viss utstrekning.  Vi stiller spørsmål ved om dette kan føre til at nokre laksar blir svekka, kortvarig eller langvarig, og blir enkelt bytte for oteren. 
    • Situasjonen i Orkla (og i mange andre andre lakseelver) er spesiell i år, med lite vatn, og temperatur over det normale.  Dette fører til at laks samlar seg sterkare i høler og kan bli «sturen», slik at dei kan bli lettare byte for oter.
    • Vi har vore i kontakt med NINA, og fått bekrefta at det er lite kunnskap om predasjon av oter på laks i slike samanhengar.
    • Vår konklusjon er at det generelt sett er behov for forsking på om fangstmetoden «fang og slipp» og varierande vassføring på grunn av tørke, og eller vassdragsregulering kan påverka predasjon på laks.
       
  6. Slik vi oppfattar situasjonen, har det vore ein jamn bestand av oter langs Orkla i mange år, det ein kan kalle ein naturleg bestand, etablert ut i frå artens sterkt territorielle åtferd.  Vi har ikkje informasjon om at dette har endra seg spesielt siste år.  Dersom eit revir skulle bli ledig på grunn av felling, er det sannsynleg at det relativt raskt blir okkupert av nye dyr, slik at effekten på laks blir minimal.

 

Med helsing

Mads Løkeland
Naturvernforbundet i Orklaregionen