Naturombod i nye Orkland kommune?

Naturvernforbundet i Orklaregionen ønskjer at det skal bli oppretta ei stilling som naturombod i den nye kommunen. Det er behov for ein person med rom for å kunne ta sjølvstendige initiativ, som kan fungere som eit naturombod, og som kan vera kommunens bindeledd til frivillige organisasjonar som arbeider med naturmiljø etc. Vi sendte i dag…

 

Naturombod/ klima og miljørådgjevar i Orkland

Vi ønskjer å gje innspel til den framtidige organiseringa av arbeidet med natur, miljø og klima i nye Orkland kommune. Slik vi har forstått det, er det diskutert å oppretta ei eiga stilling med spesielt ansvar på dette området, og vi har nokre tankar rundt dette.

Først nokre ålmenne tankar

Tap av leveområde

Omkring i landet er mange kommunar prega av stor anleggsverksemd, som også fører til omfattande øydelegging av natur.  Dette gir sysselsetting, men alt for ofte blir natur­verdiar nedprioriterte av politikarane.

Ei av de viktigaste årsakene til at artar går tapt eller blir sjeldnare, er at leveområda anten forsvinn, eller at kvaliteten på leveområda blir forringa. Leveområda går tapt av mange grunnar, og alle årsakene og konsekvensane er ikkje like enkle å sjå.  Områda kan bli bygd ned av industri, bustadar, hytter, vegar, vindkraft etc, dyrka opp eller gjødsla, bli skadd av forureining, gro att, eller ved at gamal­skog blir avvirka med store hogstflater m.m.  Det er sjølvsagt ikkje mogleg å setja opp ei fullstendig liste.

Behov for tydelege røyster (Naturombod?)

Naturen treng tydelege røyster med kraft til påverknad i kommunal forvalting. Kva ein kallar slike stillingar, er kanskje ikkje så viktig, men eit naturombod, kan etter vår oppfatning, vera eit middel til å verne dei ulike naturtypane, kulturlandskapet og styrke artsmangfaldet, dersom eit ombod får tillagt ein reell påverknad på kommunens verk­semd.  Eit ombod bør ha sentral plassering i leiingsstrukturen i kommunane, med inn­flyting på arealforvaltinga, ei sjølvstendig stilling med vekt på eigenskapar som engasjement, fagleg dugleik og initiativ.

Ombodet må ha som ei sentral oppgåve å fremme naturens interesser, og bør arbeide tett opptil og i forståing med aktuelle friviljuge organisasjonar.

Klima

Kllima kan vera eit komplisert tema, både fordi gode val om klima og energi kan bli opp­fatta å vera i strid med andre interesser i kommunane, og fordi klima kan bli brukt som argument for å godta store naturinngrep.  Eit ombod med stor grad av fri stilling, vil kunne gje viktige innspel i slike vurderingar, både om klima og om samspelet mellom klimatiltak og naturinngrep.

Om dette vil vi gjerne vise til sentrale forskarar.  Den kjende biologen, professor Dag O. Hessen understrekar naturens og økosystemas plass i arbeidet mot klimaendringane (Dagsavisen 27.09.2018):

«Så lenge naturen får gjøre jobben sin, vil det berge oss fra de verste konsekvensene av klimautslippene.  Velfungerende økosystemer med et rikt artsmangfold vil bringe oss ut av den dype og mørke dalen vi nå er på vei ned i»

«Så lenge vi fortsetter med degraderingen av økosystemene, vil vi ikke klare å stanse klimaendringene, advarer Hessen.»

Forskar Gro Sandkjær Hanssen ved by- og region­forsknings­instituttet NIBR kjem i same artikkel inn på plan- og bygningslova, sentral for kommunane:

«Plan- og bygningsloven er vår viktigste miljølov, for i den ligger virkemidlene for hvordan både naturmangfoldloven og klimaloven skal virkeliggjøres»

Naturombod i Orkland kommune?

I arbeidet med å etablere nye Orkland kommune er rom for å tenke nye tankar, både fordi kommunen blir større enn tidlegare, med større rom for spesialisering i admi­ni­strasjonen, og fordi det er ein ny struktur som skal på plass.

Vi ser det slik at dei problemstillingane og oppgåvene rundt natur og klima som vi har omtalt over, er minst like viktige for Orkland som for mange andre kommunar i landet, og vi håper at Orkland kan få ei stilling som naturombod.

Kva ein kallar det er ikkje så viktig, men som vi har omtalt, er det viktig at eit slikt om­bod har ei, i stor grad fri stilling med påverknad og stor rett til å ta sjølvstendige initiativ på vegne av natur (og klima), i brei forstand.  I tillegg til det vi allereie har nemnd som generelle saker, er det også særeigne spørsmål i Orkland, for eksempel skade på naturen på grunn av forureining frå gruver, industri og transport/ trafikk, utan at vi vil koma med ei fullstendig opplisting.

Spørsmålet om naturen, økosystema og klimaet har fått ein stadig meir sentral plass internasjonalt, nasjonalt og lokalt, både på grunn av faren for dramatiske endringar som følgje av klimagassar, utrydding av artar/ tap av naturmangfald, forureining av havet, spreiing av framande artar og fleire andre spørsmål det er viktig å ta tak i.

Med eit naturombod kan Orkland markere seg som ein nasjonal føregangs­kom­mune på dette området. 

 

Helsing

Mads Løkeland
Leiar, Naturvernforbundet i Orklaregionen

Kjetil Kroksæter
Styremedlem, Naturvernforbundet i Orklaregionen


[1] Naturen kan redde oss, Dagsavisen 27.09.2018, https://www.dagsavisen.no/innenriks/naturen-kan-redde-oss-1.1208651