Positive svar frå Partia i Orkland

Naturvernforbundet sendte 11 spørsmål til partia som stiller til val i Orkland 2019, og har fått svar frå alle. Kort oppsummert må vi seia oss godt nøgde med mange positive svar, der alle eller nesten alle parti har slutta opp om viktige spørsmål for Naturvernforbundet. Det lover godt for samarbeid med Orkland kommune dei neste fire åra.

Ikkje meir vindkraft i Orkland

Vi er ikkje minst glade for at partia vil leggja stor vekt på å ta vare på naturområde og bli meir restriktive når det gjeld hyttebygging og andre inngrep, og at det blir sett eit absolutt nei frå samtlege parti til meir vindkraft i Orkland. 

Vi tolkar dette som at når Geitfjellet er bygget, skal det ikkje koma meir. Det vil seia at heile Orkland kommune held fast ved Snillfjords nei til vindkraftkonsesjon for Svarthammaren, og at ein i tillegg går mot at Statkraft får forlenga konsesjonen for Remmafjellet, noko som er eit vilkår for bygging der.

I samband med komande etablering av kommuneplan for heile Orkland, bør det føre til at ein tilbakefører området ved både Svarthammaren og Remmafjellet til LNF-område (Landbruk, Natur og Friluftsliv).

Forureining frå gruvene

Alle parti vil prioritere å få orden på avrenninga frå gruvene på Løkken (og andre gruver langs Orkla). Dette er nok den viktigaste forureiningssaken i kommunen. Orkla har allereie for stor forureining, og det kan vera risiko for plutseleg forhøya utslepp, f.eks. ved nedbørssituasjon slik vi såg det i Sogn i sommar.

Grytdalen og Råbygdsfjæra

Vi er også veldig glade for at alle partia vil vera med vidare i arbeidet med å få Råbygdsfjæra/ Gjølmesørene som naturreservat, og at vi vil får støtte for å ta opp att arbeidet med å få Grytdalen som nasjonalt referanseområde for biologisk mangfald.

Jordvern

Vi presiserte at spørsmålet er knytt til ei formulering i samanslåingsavtalen for Orkland, der det står at ein skal vera restriktiv, og at det totale jorbruksarealet ikkje skal gå ned. Alle svarer ja, men partia tolkar nok denne formuleringa litt ulikt, noko som diskusjonen om trvbanen og jordflytting viser.

Fase ut eingongsplast i kommunens eigen verksemd

Her fekk vi tilbakemelding på at dette ikkje kunne dreie seg om plast som blir brukt i samband med helseteneste (sprøyter, hanskar etc), og det er vi sjølvsagt einige i, og sendte ut det som ei presisering, at det dreier seg om annan plastbruk.  Venstre og SP presiserte i svara sine at dei vil fase ut «unødvendig» eingongsplast. Så får vi ta ein diskusjon på kva som er nødvendig/ unødvendig. Plaskoppar, plastbestikk etc er vel døme på eingongsplast som alle vil vera samde om at er unødvendig. 

Spørsmålet om eingongsplast i helsevesenet er eit spørsmål for seg sjølv. Det er vist til at dersom ein samanliknar bruken av eingongsplast i Noreg og land med dårlegare økonomi, så kan det vera stor skilnad i mengde eingongsplast som blir brukt, utan at ein kan påvise større sjanse for infeksjonar.

Men dette blir ein eigen diskusjon, som må bli teke i eit større område enn Orkland.

Energieffektivisering og kollektivtrafikk

Vegvesenet har lagt fram planar om å etablere 4 felts motorveg mellom Klett og Orkanger, anten som 90 km/t eller 110 km/t. Vi registerer med glede at dette går nesten alle parti mot, og i staden vil prioritere kollektivtrafikk og sikre vegar.

Vi forventa positivt svar på spørsmålet om energieffektivisering i kommunens bygg, og det fekk vi. Vi kan vise til at tre forskarar på Sintef og NTNU nyleg sa at ein fram til 2015 kan redusere energibruken med 39 TWh i bygg, sjølv om folkemengda aukar med 25%. Det viser at det er enormt potensiale i å skaffe meir energi gjennom energieffektivisering i bygg, og her kan Orkland delta i arbeidet. (Forklaring på TWh: Den totale norske produksjonen av elektrisitet pr år er omlag 145 TWh, eller 145.000.000.000 kilowattimer).