Reguleringa av Strømtjønna til skade for Storlom

Naturvernforbundet sendte 20.06.2019 brev til NVE om reguleringa av Strømtjønna i Orkdal, som er til skade for raudlista storlom. Isen går tidleg i mai, og då startar hekkinga ganske raskt, men streng regulering av vatnet startar først 1. juni, alt for seint. I år ble reiret oversvømt.

Orkanger, 20.06.2019

NVE
nve@nve.no

 

Sundli/ Jamtåsbekken kraftverk i Orkdal – reguleringsvilkår

Vi viser til

  • KI-notat nr 63/2009 – Bakgrunn for vedtak av 10.09.2009, dykkar ref NVE 200707394-13
  • Vedtak om konsesjon av 10.09.2009, dykkar ref 200707394-36

I NVEs bakgrunn for vedtak blir det vist til at det hekkar raudliste storlom i Strøm­tjønna, og at det skal takast spesielt omsyn til det i konsesjonsvilkåra. Dette vart dess­verre ikkje gjennomført i tråd med NVEs konklusjonar då konsesjonsvedtaket vart utforma. Vi ber difor om at dette blir retta, og at ein i tillegg tek omsyn til at den generelle temperatur­auken har ført til at i dag går isen på Straumtjønna ofte langt tidlegare enn det som vart lagt til grunn av NVE i 2009. Nærare om dette i slutten av brevet.

 

I bakgrunnsnotatet blir det bemerka:

«Orkdal kommune er positiv til den foreslåtte kraftutbyggingen, men bemerker at deler av området ved Strømtjønna er viktig viltområde. Hekking av storlom er sentralt tema ved regulering av vannet, i følge kornmunen I tillegg til Strømtjønna hekker storlom også i Byavatnet og Munklitjønna..»

NVEs konklusjon:

«Storlom er klassifisert som sårbar på Norsk Rødliste. Sannsynligvis hekker storlom i Strømtjønna fra isen går, 20. mai, og frem til juli. NVE vurderer at drikke­vannsuttak fra Strømtjønna om sommeren svært sjelden har omfattet 1 m nedtapping, da tilsiget er høyt på denne årstiden og uttaket de siste årene har vært svært lite. Vi er derfor ikke enig i søkers vurdering i at samme nedtapping allerede eksisterer i Strømtjønna. NVE mener at dersom det skal gis konsesjon bør det settes restriksjoner for nedtapping av vannet i hekkeperioden selv om det er alternative hekkelokaliteter i nærheten. Selv små endringer i en av hekke­lokalitetene kan virke negativt for hekkingen. NVE mener at en slik begrensning ikke har store konsekvenser for produksjonen, samtidig som det vil sikre at Strømtjønna fortsatt vil være en aktuell hekkelokalitet.»

NVEs oppsummering:

«Med noe begrensninger på reguleringshøyden i sommersesongen, mai — september, av hensyn til storlom, landskap og friluftsliv, vil en regulering av Strømtjønna etter vårt syn ha begrensede negative konsekvenser.»

 

Våre kommentarar:

Vi oppfattar det slik at NVE argumenterer for, og konkluderer med at ein i perioden 20. mai og fram til juli skal ha restriksjon for nedtapping av Straumtjønna av omsyn til Storlom.

Men konsesjonsvedtaket set berre begrensing på nedtappinga i perioden 1. juni – 31. juli. Resultatet av dette er at ein i perioden fram til 1. juni kan ha ei nedtapping til kote 240,5.  1. juni må vasstanden opp på 242,5.

I år førte dette til at reiret til ein hekkande storlom vart oversvømt. Storlomen la egg i mai, og i juni vart reiret oversvømt og hekkinga mislukka.

 

Vår oppsummering og kva vi ber NVE om

  1. For oss ser det ut til at det har skjedd ein glipp hos NVE under skrivinga av konse­sjonsvedtaket.  I staden for reguleringsgrense mellom 242,5 – 242,4 i perioden 20. mai til 31.juli, slik NVE argumenterer for i bakgrunnsnotatet, vart perioden sett til 1. juni – 31. juli.
  2. Det blir referert til at isen går 20. mai, som grunnlag for å ha reguleringsvilkår frå 20. mai.  Dette stemte nok for over 10 år sida, men temperaturauken på grunn av klimaendringane, gjer at det i dag nok vil vera betre å operere med 1. mai for å dekke situasjonen alle år.
  3. Vi ber NVE om at det blir gjort tiltak for å rette opp feilen i konsesjonsvedtaket, slik at Orkdal kommunes innspel og NVEs eigne konklusjonar får uttrykk i konsesjonsvedtaket. Det vil seia at 20. mai blir sett til starten av streng regulering, i staden for 1. juni.
  4. Vi ber vidare om at NVE vurderer ei ytterlegare flytting av startpunktet for streng regulering til 1. mai, på grunn av generell temperaturauke, som fører til at isen går tidlegare. Dette fører til at Storlomen startar hekkinga tidlegare.

 

Med helsing

Mads Løkeland-Stai

Leiar av Naturvernforbundet i Orklaregionen

Steve Halsetrønning

Styremedlem, Naturvernforbundet i Orklaregionen