Reguleringsplan for Furumoen

Lokalavdelinga av Naturvernforbundet avgir en omfattende uttalelse ved etablering av planlagt anlegg for kyllingsproduksjon.

Reguleringsplan for Furumoen

1. Furumokjela må bli vurdert ut i frå potensialet for restaurering Planprogrammet seier at det skal skje ”kartlegging av naturtyper/biologisk mangfold i Furumokjela”.  Dette ser vi som alt for snevert.  Kjela har i dag berre samband med Orkla gjennom eit lite røyr, slik at funksjonen til kjela er avgrensa gjennom tidlegare inngrep.  Det vil vera relativt enkelt å restaure kjelas funksjon og tilknyting til Orkla, og dermed oppnå ein god økologisk tilstand.  Vi ser det difor slik at det er feil å vurdere Furumokjela ut i frå dagens tilstand.  Den må bli vurdert ut i frå potensialet gjennom restaurering.

 2. Kommunedelplan for Naturmangfald bør bli etablert før planlegging av eit nytt, stort naturinngrep. Stortinget har vedteke at alle kommunar skal etablere ein kommunedelplan for Naturmangfald.  Kommunen bør etablere ein slik plan før det blir starta planlegging av nye store naturinngrep, og spesielt gjeld dette inngrep i ein raudlista naturtype, slik som Furumokjela. 

3. Vassforskrifta må med i vurderinga Planprogrammet nemnar ikkje ei vurdering av inngrepet i høve til vassforskrifta.  Vassforskrifta er basert på EUs vassrammedirektiv, og Noreg er difor forplikta gjennom EØSavtalen til å vurdere alle inngrep i vatn ut i frå dei felles retningslinene for implementering av vassdirektivet.  Vassforskrifta hentar lovgrunnlaget sitt i naturmangfaldlova, men er i tillegg lovmessig forplikta gjennom EØS-avtalen. Vår påstand er at inngrepet bryt med § 12 og § 14 i vassforskrifta, tilsvarande artikkel 4.7 i vassdirektivet, og må bli avvist.

4. Furumokjela må bli vurdert som ein del av det nasjonale laksevassdraget Orkla Kjela har ein funksjon for anadrome fiskeslag, spesielt sjøaure.  Som ein del av eit nasjonalt laksevassdrag må inngrep bli vurdert ut i frå forskrifter og vedtak om nasjonale laksevassdrag.

 5. Alternativ lokalisering må bli vurdert Både naturmangfaldlovas § 12 og vassforskriftas § 12 stiller krav om å vurdere miljømessig betre alternativ teknikkar og lokaliseringar.  Sør for Vormstad er det eit større areal som sannsynlegvis vil representere eit miljømessig vesentleg betre alternativ enn nedbygging av Furumoen og Furumokjela.  Dette er blant dei områda som må bli vurderte som alternative industriområde.  Vi vil samtidig presisere at sjølv utan aktuell alternativ lokalisering, så vil ikkje det medføre at det er miljømessig akseptabelt å gjennomføre forslaget til inngrep.  Inngrepet dreier seg ikkje om eit samfunnskritisk tiltak. 6. Vurdering i høve til jordlova og intensjonsavtalen om kommunesamanslåing Tapet av matjord, vurdert ut i frå nasjonale, regionale og lokale retningsliner og mål må vera med som tema i konsekvensutgreiinga. Vi vil også hevde at inngrepet vil vera i strid med intensjonsavtalen om kommunesamanslåing mellom Orkdal, Meldal, Agdenes og Snillfjord når det gjeld tap av matjord.