Stans utenlandskabelen NorthConnect

NorthConnect er sløsing med ressursar, negativ for klimaet, skadeleg for naturmangfaldet og gir risiko for utflagging av norsk kraftforedlande industri.

Formålet med NorthConnect er auka pris, som grunnlag for meir vindkraft og vasskraft til eksport, og auka inntekt for kraftselskapa. Greitt å hugse at NorthConnect ikkje vil produsere ein einaste kilowattime. I staden blir det store energitap.

Skadeleg for norsk klimapolitikk og norsk klimavennleg industri
Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE) skriv at kabelen ikkje er nødvendig for norsk energisikkerheit, at det blir stor netto eksport av kraft, og at prisen på elektrisitet vil auka med inntil 3,4 øre/ kWh fordi prisen på kraft i Storbritannia er så mykje høgare enn i Noreg. Frå før vil kabelen til England og Tyskland ha auka prisen med 4 øre i følgje Statnett. Prisauken gir risiko for utflagging av produksjon av silisium, aluminium og annan kraftforedlande produksjon. Norske bedrifter ligg på verdstoppen med lågt utslepp av klimagassar. Utflagging vil auke det internasjonale utsleppet av CO2, og skade grunnlaget for kva Noreg skal leve av i framtida, som ein del av «det grøne skiftet». Vi treng krafta i Noreg, både for å fase ut fossil energi, og for framtida til Noregs klimaeffektive industri.

Vil auke utsleppet av CO2
Selskapa bak NorthConnect påstår feilaktig at kabelen vil redusere utsleppet av CO2 med 2 mill tonn.
Dersom vi bruker NVEs metode for utrekning, kan vi vise at utsleppet av CO2 i staden vil auke med 2 mill tonn fordi eksporten til Storbritannia vil redusere eksporten til Tyskland. Den sokalla CO2-faktoren for elektrisitet er dobbelt så stor på Kontinentet som i Storbritannia.

Effektkøyring i vassdraga og press på utbygging av vindkraft og vasskraft
Hurtig skiftande profittbasert eksport og import av kraft, avhengig av varierande prisar, fører til at vasskraftverk blir skrudd hurtig av og på, med raskt endra vassføring i vassdraga, til stor skade for livet der. Sommaren 2019 førte effektkøyring i Orkla til at tusenvis av smolt og yngel døydde på tørt land.

Utanlandskablane er grunnlaget for bygging av ny vindkraft og vasskraft. Som direktør Auke Lont i Statnett sa det i 2015: «Fjerner vi kablene vil strømprisen gå ned, men da er det ikke nok økonomi i prosjektene til å sette opp vindmøller». I 2020 seier folka bak NorthConnect det same: «I tillegg vil NorthConnect gjøre det mer attraktivt å investere i fornybar produksjonskapasitet».  Sagt på anna vis, vi må få prisen opp, og det får vi med fleire utanlandskablar, slik tidlegare Olje- og Energiminister Tord Lien sa det i 2013.

Profittbasert kabel
Kva er eigentleg formålet med kabelen? Statkraft-sjef Christian Rynning-Tønnesen sa det klårt til Energiteknikk 16. januar: «Hvis NorthConnect utsettes, kan skottene skaffe seg balansekraft på andre måter slik at NorthConnect blir overflødig». Her kan vi leggja til at det er lagt fram plan om 4.000 MW ny pumpekraft i Skottland, for å balansere vindkrafta lokalt (ILI Group). NorthConnect trengst ikkje for å balansere vindkrafta i Skottland. Formålet er inntekt på sal av kraft til høg pris.

Stans Skottlandskabelen NorthConnect – avslå søknaden om konsesjon.