Stopp offensiven for nedbygging av natur

Etter at Energikommisjonen la fram sin rapport i februar 2023 har kraftprodusentane i Norge sett i gang ein stor offensiv for å få politisk støtte for meir utbygging av fornybar energi

Vedtatt på årsmøtet i Naturvernforbundet i Trøndelag

6. april 2024

Tittelen på rapporten var Meir av alt raskere, og etter det har Fornybar Norge, NHO og LO blitt med på å skape eit bilete av at det om få år vil bli underskot av elektrisitet. I tillegg har regjeringa gjort endringar slik at fattige kommunar skal bli meir velvillig til å selje unna naturen. Kampanjen til LO og NHO er kalla Kraftløftet og saman med kraftselskap dreg dei rundt for overtyde lokale politikarar om at det blir mangel på kraft om få år.

Politisk ansvar

Men, enten det skal bli underskot på kraft eller meir natur skal bli ofra, så er det eit politisk ansvar. Inn i spådomen om underskot blir det lagt alt som Statnett har lova kapasitet til i nettet. Her er politisk styring fråverande. Nå er forbruket til kryptoproduksjon i Namsskogan og Tydal ca160 GWt. Blir planane for utbygging av datasenter gjennomført, kan det bli eit forbruk 3 TWt. Dette er 3 gonger meir enn Wacker smelteverk i Heim kommune og gjev særs få arbeidsplassar. I presentasjonen til Kraftløftet er 2/3 av prosjekta ny verksemd som ikkje har noko med Norge sine lovnadar om utfasing av fossil energi å gjere. Likevel blir alt kalla eit grønt skifte.

Nå må dei som har ansvar for å styre både i kommunar, fylke og stat forstå at vi ikkje kan vekse oss ut av natur- og klimakrisa. I 2023 hadde Norge eit overskot på 17,4 TWt og saman med energisparing og -effektivisering kan vi nå våre klimamål. Men det føreset at vi ikkje pyntar på oljeindustrien med elektrisitet frå land.

Når Naturvernforbundet i Trøndelag seier nei til meir tap av natur enten ved utbygging av vindkraft eller verna elvar er vi i samsvar med det store fleirtalet av folk i Norge. Den viktigaste utfordringa vår myndigheiter nå må finne svar på er:

Korleis skal vi få ned forbruket på ein sosialt rettferdig måte?