Svarthammaren: Snillfjord sa nei til konsesjon
24.04.2019 var søknadane om konsesjon for vindkraft på vakre Svarthammaren oppe til avstemming i Snillfjord kommunestyre. Med overveldande fleirtal, 4 mot 11, sa kommunestyret eit klårt nei til konsesjon.
Rådmannens innstilling var å seia ja, men fleirtalet ville det ikke slik, og jubelen slapp laus.
Det er ytterst sjeldan at NVE går mot kommunale vedtak, så det er å håpe at dette vil seia ei endeleg avvising av vindkraft på Svarthammaren i Snillfjord.
Det har vore jobba veldig godt i den lokale aksjonen i Snillfjord, under leiing av Laila Selven.