Vannforvaltningsplan – gruveforurensning

Det skal vedtakast ny forvaltningsplan for vannområde Orkla, for 2022 – 2027. Naturvernforbundet i Orklaregionen har sendt høyringsuttale, der vi mellom anna stiller krav om langt betre, og varige tiltak mot forureininga frå gruvene. Dette omfattar også at Bjørnlivatnet skal oppnå «god tilstand» i løpet av planperioden.

Når det gjelder forureining frå Løkken og andre nedlagde gruver, kan vi oppsummere høyringsuttalen slik:

  1. Alle gamle gruver med avrenning til Orkla
    Miljødirektoratet, som ansvarleg sektormyndigheit må foreslå tiltak for dei gruvepåverka vassforekomstane langs heile Orkla, tiltak som må bli sett ut i livet tidleg i perioden 2022-2027.
  2. Status for forureining i Orkla
    Det bør bli oppretta kontinuerleg (online) måling av dei viktigaste metallforureningane i Orkla, så langt ned i elva at ein får med verknaden frå alle gruvene langs elva.
  3. Staten har overordna ansvar for alle tiltak
    Dersom det er usikkerheit rundt ansvar for forureining frå gamle gruver, må staten inn og få gjennomført nødvendige tiltak, og ta den økonomiske diskusjonen i etterkant. Det er den norske staten som er ansvarleg for at vassrammedirektivets krav blir oppfylte.
    Kanskje unødvendig å skrive, men ansvar for tiltak gjeld sjølvsagt også for gruver der staten har ansvaret, og det er statleg organ som skal koma med pålegg.
  4. Løkken gruver
    • Det bør bli gjennomført vurderingar av om kalkingsanlegget ved Fagerlivatnet er eit tilstrekkeleg, og tilstrekkeleg sikkert tiltak for å handtere forureininga på varig basis.
    • Det bør bli gjennomført vurderingar av om den vassfylte Løkken gruver på permanent basis toler den store belastninga med metallhaldig vatn som den blir utsett for. I dette ligg også krav til gode målingar av metallbelastninga.
    • Vurderingane i samband med Løkken gruver må bli ein del av kommunens arbeid med klimarisiko, som må omfatte spørsmål om kva som skjer med kalkingsanlegget og andre tiltak når det blir ekstremnedbør.
  5. Bjørnlivatnet må få krav om å oppnå «god tilstand» innan 2027, og nødvendige tiltak må bli etablerte i løpet av 2022.
  6. Fagerlivatnet
    Som tiltak bør det bli gjennomført ei utgreiing av alternativ til å bruke Fagerlivatnet som deponi for spesialavfall frå kalkingsanlegget, og ei vurdering av tiltak for å betre den kjemiske og økologiske tilstanden i vatnet. Ei slik utgreiing bør skje tidleg i planperioden.
  7. FOU om reinsemetodar
    På den nasjonale tiltakslista bør det bli etablert forskings- og utviklingsprosjekt for å etablere gode reinsemetodar for avrenning frå gruver. Løkken kan vera ei god plassering for eit pilotanlegg i eit slikt utviklingsarbeid.

I tillegg tek høyringsuttalen opp restaurering av kroksjøar/ kjeler langs Orkla, ferskvassmuslingar og avrenning frå skogsdrift.