Vardebrenning mot vindkraft 8. oktober 2019

Ein landsfemnande aksjon med vardebrenning mot vindkraft i norsk natur. Det var vardar fleire stadar i regionen, og folk på Orkanger kunne sjå bålvarselet frå Raudhåmmaren. I vår region står kampen spesielt om å forsvare Remmafjellet i Snillfjord mot inngrep. Vi reknar med at Svarthammaren er berga etter det klåre vedtaket mot inngrepet i Snillfjord kommunestyre.

Terje Staveli og Johan Randahl laga eit stort bål som vart godt synleg over store delar av Orkanger og Råbygda. Ein verdig protest mot den massive nedbygginga av norsk natur.