Vellukka slåttedag på Bjørndalen 25. august 2019
25. august var årets slåttedugnad på Bjørndalen, med 30 deltakarar. Dette er femte året vi har slik dugnad for å bidra til det biologiske artsmangfaldet i dei gamle slåtteengene. I år har det vore gjennomgang med biolog for å sjå om tilstanden har blitt betre. Vi ventar spent på resultatet. Det var ikkje minst triveleg…
30 deltakarar på årets slått er vi godt nøgde med. Ein sti til kjentmannspost gjekk gjennom tunet, og nokre vart i staden verande på slåtten dagen ut, mens nokre andre deltok ei stund, før dei gjekk vidare.
Vi serverte kaffe og vaflar i eit ganske bra vær, og delte ut årets informasjonsbrosjyre om Bjørndalen og slåtten. Vi får årleg stønad frå Fylkesmannen til vedlikehald av slåttemarka.
Nokre dagar tidlegare vart det gjennomført hovudslått med slåmaskin, som det var litt arbeid med å få til å gå ordentlig, men forhåpentlegvis er den no i god stand.
Dette er femte året på rad at det har vore gjennomført slått i eit samarbeid mellom Naturvernforbundet og Grytdalens venner, og i år kom biolog Steinar Vatne og gjekk over området før vi slo. Han skulle vurdere om situasjonen har blitt betre, og om det er behov for endring av driftsplanen. Vi ventar spent på resultatet 🙂
Sjå lenker om slåttemarka under