Vellukka slåttedag på Bjørndalen 26. august 2018
Vi hadde eit godt oppmøte med 30 deltakarar som var med og slo gras, raka og dro graset bort frå slåttemarka ved hjelp av presenningar.
Nokre dagar tidlegare vart mesteparten slått med slåmaskina, og på dugnadsdagen vart graset raka saman og fjerna med presenningar. I tillegg fekk slåmaskina gå vidare, mens fire ljåblad skar gjennom graset der maskina ikkje kunne gå.
Under pausen med kaffe og vaflar fortalde Folke Forfang om Bjørndalens historie, ein gard som eksisterte før Svartedauen, og var seinare ein over middels stor gard i Orkdal. Hovedferdselsåra mellom Snillfjord og Orkdal gjekk over Bjørndalen, så dei som budde der hadde god kontakt med omverda.
Thams kjøpte Bjørndalen til Songli Jagtklub i 1907. På eit av fotografia under teksten her, kan du sjå innsida av skapdøra på kjøkenet på Bjørndalen, med instruks om kva som til ein kvar tid skulle vera av drikkevarar på Bjørnli, skrive i august 1918, for hundre år sida.
I starten var det nokre bygar, men etter kvart vann sola fram, og stemninga var god.
Sjå Arnfinn Sæthres fine vido frå dagen.
Les meir om organiseringa av dagen.
Biologisk mangfald i slåttemarka
Den viktigaste grunnen til slåttedagen er å bidra til å bevare og styrke det biologiske mangfaldet på slåtteenga. Moderne, og sterkt mekanisert jordbruksdrift har gjeve problem for fleire av artane som er avhengige av den tusenårige driftsforma på slåttemarka som no i hovudsak har blitt historie.
Miljødirektoratets hefte om slåttemarka seier mellom anna dette:
«Mengden av arter som finnes i slåtteengene våre, gjør naturtypen spesiell. Hele 30 til 40 arter, med blomster og gress, kan vokse innenfor én kvadratmeter! I tillegg kommer alle insekter og andre småkryp, sopp og mose, og for ikke å snakke om alt mikrolivet som rører seg nede i jorda. Jordsmonn og klima påvirker hva som lever der, men det er skjøtselen og den kontinuerlige utmagringa av marka som er den viktigste forutsetningen for alt dette mangfoldet.
I engene finnes både velkjente planter som blåklokke, prestekrage, rødkløver og tiriltunge, men også en rekke sjeldne eller trua planter, som orkideene brudespore og søstermarihånd og den bittelille bregnen dvergmarinøkkel. 24 prosent av de trua rødlisteartene i Norge har tilhold i de gamle kulturmarkene. Om markene gror igjen, påvirkes 685 arter negativt.«
Neste år vil vi forsøke å få vurdert om det har vore framgang for det biologiske mangfaldet på slåttemarka på Bjørndalen gjennom dei fire åra vi har halde på til no.