Vindkraft eller reindrift
Vindkraftselskapet Fred Olsen Renewables AS har oppsøkt grunneigarar i Ilfjellet, Ramsfjellet og Grefstadfjellet for å få avtalar om vindkraftutbygging. I tillegg til at dette er øydelegging av naturområde, til skade for naturmangfald, friluftsliv og lokal identitet, er det også i vinterbeiteområdet for Trollheimensamane.
Kan vindkraft og reindrift eksistere side om side?
Naturvernforbundet i Ávjovárri (Kautokeino) har gjort eit forsøk på å svare på dette, ved ein gjennomgang av erfaringa frå reinbeitedistrikt som har vore utsette for dette, og frå område med kamp mot etablering av vindkraft.
Hefta er gjevne ut i samarbeid med Motvind Nord, og mellom anna med støtte frå Naturvernforbundet i Trøndelag.
Gjennomgangen er delt opp i 4 hefte, som tek for seg ulike spørsmål:
- Del A: Oversikt, sammendrag og oppsummering
- Del B: Reindrift, vindkraft og skadevirkninger
- Del C: Erfaring fra vindkraft i reinbeiteområder
- Del D: Lovverk, konsesjonsbehandling, kunnskapsgrunnlag og påvirkere
Vi må arbeide for at desse problemstillingane ikkje blir realitetar i fjellområda aust for Orkla, i Orkland og Rennebu.