INNSPEL TIL NESBYEN KOMMUNE OM NY HYTTEBYGGING PÅ ØVRE FOSS I NESBYEN
Nesbyen kommune 14.11.24
postmottak@nesbyen.kommune.no
Høyringsvar Detaljreguleringsplan for Øvre Foss 6 (55/8)
Naturvernforbundet i Hallingdal (NiH) og Buskerud (NiB) vil kome med desse innspela til Nesbyen kommune i samband med denne detaljreguleringsplanen for Øvre Foss 6- området.
Me er svært bekymra for villreinstamma i Nesfjellet. Villreinen er no vurdert som nær truga i Norsk Raudliste for artar i 2021.
Med alle hyttene, aukar trafikken i fjellet og dette forstyrrar villreinen. Miljødirektoratet har nyleg lagt fram (20.12.23) ei tiltaksplan for å hjelpe villreinen og her står det mellom anna at:
"
Å hindre ytterlegare hyttebygging i eller inntil villreinområda er eit svært viktig tiltak, og problemstillinga er felles for alle dei norske villreinområda."
I nærområdet til Øvre Foss til dømes Natten og Tverrlie er det bygd godt over 1000 fritidsbustader. Tek me med Bøgaset, Tronrudmarka og dei andre hyttefelta som grensar inntil Øvre Foss, kjem me fort over 2800 hytter. Her har Nesbyen kommune tillate ei gigantisk utbyggjing av urørt natur og konsekvensane er store for villreinen. I tillegg kjem alle hyttetomtene som er godkjente og regulerte, men ikkje bygd. Berre på
Natten, Einen og Tverrlie, nærområde til Øvre Foss, er tomtereseven på heile 3500 hytter.
Ei utbygging på Øvre Foss 6, vil auke trykket og berre forsterke problema for villreinen i Nesfjellet.
1
Naturvernforbundet i Hallingdal (NiH) og NiB meiner at kunnskapsgrunnlaget og kartlegginga av naturmangfaldet i området rundt Øvre Foss er for dårleg og tilfredstiller ikkje dei krava me i dag stiller om kunnskapar og kartlegging av naturmangfaldet jmf Naturmangfaldlova § 8-12. . Dette
går tydleg fram av Artskart i Artdatabanken.
Kartet viser at det berre er gjort nokre frå registreringar i Øvre Foss området. Kartlegging må gjerast etter NiN systemet og bør foregå gjennom alle årstidene.
Det held ikkje å berre kartleggje naturtypen i eit område- også naturmangfaldet på artsnivå må kartleggjast
.
Det er kommunen sitt ansvar å skaffe til vege kunnskapar om naturmanfaldet i kommunen slik at kommunepolitikerane kan fatte kloke og langsiktige vedtak der hensynet til natur og miljø er ivaretekje . Dette vart tydleg understreka av
Miljødirektoratet
som i
oktober 2024, gjekk ut med tydlege signal om at det no må stillast langt strengare krav til kartlegging i samband med utbyggingar.
I Biofokusrapporten frå mars 2023 går det fram at:
"Samlet sett vurderes kartleggingsstatus for Nesbyen kommune som «lite til ufullstendig kartlagt» for
store deler av kommunen."
Kartet nedanfor er henta frå Biofokusrapporten og viser at kartleggjinga av naturmangfaldet ved Øvre Foss er svært mangelfull.
2
Figur 2. Kart som viser kommunens kartleggingsstatus. Bare deler av kommunen er vurdert som «godt kartlagt»
(grønt). Resten er vurdert som «ufullstendig kartlagt» (gul), eller «lite kartlagt» (rødt).
Ei utbygging som denne, vil føre til auka utslepp av klimagassar sidan mykje karbon er bønde i levande dyr og planter som er i god vekst i området, men også plante og dyrerester som ligg i den øvste delen av jordsmonnet, bind mykje karbon. I dette planområdet er det ein del
barskog/bjørkeskog
som er i god vekst og som vil bli hogd i samband med den planlagte hyttebygginga. Det fører til at framtidige skog som skulle binde klimagassen CO2, blir fjerna. Dette er svært uheldig m h t klimaregnskapet. No må Nesbyen kommune ta natur- og klimakrisa på alvor!
Norge har forplikta seg til å redusere utsleppa av klimagassar med 55% innan 2030 (frå 1990 nivået). Det må også gjelde for Nesbyen kommune!
Denne utbygginga på Øvre Foss vil føre til ein auke i turisttrafikken i området. Dette er spesielt uheldig for villreienen, sjå punkt 1) over, men
den auka turisttrafikken vil også påverke beitedyra i området, på ein negtiv måte. Særleg ille er elsykkeltrafikken i fjellområda, som ofte fører til at søye og lamb blir skremt vekk frå kvarandre. No må Nesbyen kommune ta beiteretten til grunneigarane i Nesbyen på alvor!
3
Med den hyttebygginga me har hatt på Nesbyen dei siste tiåra, vil beiteretten som har tilhøyrt grunneigarane i mange hundre år, sakte men sikkert smuldre bort. Beiteretten representerer varige verdiar, i motsetning til hyttebygginga som undergrev desse varige verdiane.
Den overordna kommuneplan for Nesbyen, samfunnsdelen, skal vere styrande
for utviklinga i kommunen og her står det at: "produktive jord- og skogbruksområder skal som hovedregel skånes mot nedbygging. "
Dette planforslaget legg opp til ei utbygging av nye fritidsbustader i tregrensa rett under snaufjell. Det er grunn til å minne om at slike utbyggingar er i strid med
nasjonale og regionale føringar.
I Hytteveiledarenen (september 2022) som er sendt ut frå Stortinget, står det mellom anna at:
“Det er derfor viktig å verne samanhengande naturområde utan inngrep i skogbeltet under snaufjellet. …..Unngå ny fritidsbusetnad i og over skoggrensa ...Unngå utbygging som bryt tydelege åsprofilar eller viktige horisontlinjer ...Unngå utbygging i område med viktige beiteressursar for husdyr. Unngå utbygging på dyrka og dyrkbar mark.... "
Det er viktig å ta vare på den gamle stølskulturen som har levd i dette akuelle utbyggingsområdet i mange hundreår. Slike gamle kulturminne må gjevast tilstrekkeleg rom slik at stølane ikkje forsvinn i tette hyttelandsbyar. I Hytteveiledaren (september 2022) som er sendt ut frå Stortinget står det mellom anna at: "Ved planlegging av nye fritidsbustader må det takast omsyn til verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Kulturminna som skal vernast, må gjevast tilstrekkeleg rom, slik at dei ikkje blir skadde av inngrep eller auka ferdsel og aktivitet knytt til fritidsbustadene."
I Plan og Bygningslova er det krav om at det ikkje kan gjerast
inngrep i eit belte på 100 meter frå vatn, bekkar og vassdrag med årssikker vassføring
. Denne regelen er viktig for å ivareta naturmangfaldet i og rundt vassdraget. Vegetasjonen som fins i dette 100 metersbeltet, stabiliserer jordsmonnet og er med på å forebyggje erosjon, flaum og skred ut mot vassdraget.
På sørsida av dette planområdet, går det ein bekk i myra. Avstanden på 100 meter frå denne bekken med årsikker vassføring, må respekterast.
Slik som me les plankartet, vil ei evt utbygging på Øvre Foss føre til at at nye ubebygde områder i Nesfjellet vert bygd ned. Planforslaget er difor i strid med overordna Kommuneplan for Nesbyen kommune, samfunnsdelen: "Inngrepsfrie områder skal som hovedregel ikke innsnevres."
I samband med denne planlagte utbygginga på Øvre Foss, vil noko vernskog mot tregrensa og fjellet gå tapt. Vernskog opp mot tregrensa er spesielt viktig m a for mikroklimaet fordi den stengjer for den kalde fjellufta som vil sige nedover og forstyrre økosystemet i dalsida, om vernskogen vert hogd.. Denne skogen skal difor ha eit spesielt vern!
4
OPPSUMMERT:
Slik me ser det, må dette planforslaget blankt avvisast.
Naturvernforbundet i Hallingdal
ved Olav Arne Løstegaard
Naturvernforbundet i Buskerud
ved Martin Lindal
5