Ulovleg kanal i Skodje? Naturvernforbundet ber om avklaring

I 2007 blei det gravd ut ein grøftingskanal nord for Haugstølen i Skodje kommune. Dette høyrer til det verna Solnørvassdraget, Fyllingsmyrane er er registrert som eit lokalt viktig kulturlandskap og heile området er eit viktig friluftsområde. Naturvernforbundet meiner tiltaket er ulovleg. Eit forslag til skjøtselsplan for skogen i området har difor blitt avvist av Naturvernforbundet, som meiner kanalisieringa er ulovleg.

Naturvernforbundet klaga allereie hausten 2007 på kanaliseringa, og bad om at grøfta vart fylt att. Denne saka er ikkje avgjort. Etter ei saksbehandling Naturvernforbundet var kritiske til, sendte Skodje kommune i staden eit forslag til skjøtselsplan for området på høyring. Naturvernforbundet har kritisert denne skjøtselsplanen for å ha store manglar, men Skodje kommune har likevel fastsett skjøtselsplanen. Naturvernforbundet klagar no difor på skjøtselsplanen også, og varslar at heile saka vil bli tatt opp med Landbruks- og matdepartementet.

Naturvernforbundet har sommaren 2008 synfart kanalen som er over 800 m lang og opp til 6 m brei, og som utgjør eit alvorleg inngrep. Naturvernforbundet meiner inngrepet er eit brot på reglane om skogbruk, m.a. når det gjeld grøfting av myr. Difor har Naturvernforbundet kontakta skogeigarforeninga, Allskog, for å få visse om at dei nektar å omsette skog hogt i området. Slik omsetning vil kunne få konsekvensar for miljøsertifiseringa til Allskog. Allskog har gjort det klart at dei ikkje kjente til dette tiltaket, men Naturvernforbundet ønskjer framleis svar på om kanaliseringa får konsekvensar for verksemda til Allskog.

Naturvernforbundet har elles fått rapport om at det er sett i gang arbeid med å stelle til langs kanalen no i desse dagar. Viss dette er arbeid som kan vanskeleggjere ei tilbakeføring ber vi om at arbeidet blir stoppa straks.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Naturvernforbundet sin klage på skjøtselsplanen

Naturvernforbundet sin synfaringsrapport frå juli 2008

Tilsvar til Allskog – Klagenemnda for miljøinformasjon

Allskog sitt svar til Klagenemnda for miljøinformasjon

Naturvernforbundet sin klage til Klagenemnda for miljøinformasjon

Svar frå Møre og Romsdal fylke på første klage på kanaliseringstiltak

Skodje kommune: Høyring av forslag til skjøtselsplan for området

Skodje kommune: Høyring av forslag til skjøtselsplan for området – kart

Oppslag i Bygdebladet 20. oktober 2007

Fråsegn frå Naturvernforbundet til skjøtselsplanen

Rapport frå Møre og Romsdal fylke si synfaring i området i august 2007

Klage frå Naturvernforbundet på manglande oppfølging

Spørsmål til Allskog om miljøinformasjon

Klage på synfaringsrapporten til Møre og Romsdal fylke

Skodje kommune sitt vedtak om skjøtselsplan

Nytt svar frå Allskog 13. august 2008

Fråsegn frå Nordre Sunnmøre skoglag

Fråsegn frå skogselskapet

Kopi av brev frå Magne Fylling 18. februar 2008

Kopi av brev frå landbrukskontoret til Magne Fylling 14. mars 2008

Kart over området

Avgjerd i Klagenemnda for miljøinformasjon

Kanalen på Fyllingsmyrane i Skodje.

Austenden av kanalen på Fyllingsmyrane i Skodje.

Ulovleg grøfting av myr på Haugstølen i Skodje kommune. Foto: Naturvernforbundet

Ulovleg grøfting av myr på Haugstølen i Skodje kommune. Foto: Naturvernforbundet

Ulovleg grøfting av myr på Haugstølen i Skodje kommune. Foto: Naturvernforbundet