950 tonn nitrogen

Kor mykje ureining er eigentleg 950 tonn nitrogen?

Når ei oppdrettsverksemd søkjer om å sleppe ut 950 tonn nitrogen i havet i løpet av eit år, kor mykje er det eigentleg? Omrekna til kuskit i ein 10 m3 gjødseltank som er vesentleg større enn den på biletet, blir det ein tank kvart tjuande minutt døgnet rundt heile året.

Kristiansund kommune investerer no eit hundretal millionar for å unngå utslepp gjennom sin kloakk. Dei er pålagt reinsing fordi utslepp vil ureine.

Viss bønder køyrer møkkavogna ned til sjøen og tømmer ho, då får dei ein alvorleg smekk. I alle fall viss dei kjem med tre vognlass i timen gjennom heile året.

Men ei fiskeoppdrettsverksemd søkjer altså frimodig om å få sleppe ut 950 tonn nitrogen og 80 tonn fosfor i året og meiner dei er gode fordi det hadde vore endå meir om dei ikkje reinsa.

Naturvernforbundet berre måtte skrive eit lesarbrev om saka, sjå nedanfor.