Ulovleg veg ved Svartløkvatnet

Godkjenningsvedtak er oppheva – kommunen hadde ikkje fått med seg vesentlege sider ved saka

Øystein Folden
Øystein Folden

For ei tid tilbake blei det bygd ein vegstubb inne i hundremetersona til Svartløkvatnet. Det viste seg etter kvart at det ikkje var søkt om løyve. Entreprenøren hadde heller ikkje spurd grunneigar. Svartløkvatnet er ein del av Solnørvassdraget som er eit varig verna vassdrag.

Naturvernforbundet tok saka opp med Ålesund kommune. Etter litt fram og tilbake har Ålesund godkjent tiltaket, eit vedtak Naturvernforbundet har klaga på. Den siste vendinga i saka er at Naturvernforbundet si klage førte fram, og kommunen sitt vedtak er oppheva. Kommunen må på nytt ta stilling til om grunneigar skal få byggeløyve på vegen som alt er bygd. Om ikkje det blir løyve, så vil grunneigar bli pålagd å fjerne den nye vegstubben.