Kor mykje er nok?
Sjølv om ikkje mengde fisk aukar, så har ein alt passert ei grense. Ein kan ikkje løyse problem i oppdrettsnæringa ved stadig å ta nye areal i bruk.
Birgit Oline KjerstadNasjonen har bestemt at fiskeoppdrett er framtida. Dei har ikkje ordna det slik at naturen toler der. Fylkeskommunen følgjer nasjonale mål og gjev løyve til omtrent alt. Det kan ikkje anna enn å gå gale.
Nyleg blei det meldt at bæsjen frå fiskeoppdrett i Noreg tilsvarar at 17 millionar menneske gjer frå seg i sjøen. Er det rart at hav og fjøre i oppdrettsbeltet no ser dårleg ut? I alle fall seier fiskarar og andre som brukar tid i fjøra at det skjer noko, og dei opplever det ikkje som positivt.
Naturvernforbundet er stadig overraska over at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing i desse sakene. Næringa seier dei er viktige og har store verknader for lokalsamfunna. Men ikkje så viktig at det løyser ut krav om konsekvensutgreiing, tydelegvis. Så får ein ikkje fram at alle små tiltak til saman blir store og mange og med stor verknad.
Vurderingane som blir gjort når det gjeld raudlisteartar ser også rar ut: «Det er få rødlistede og truede arter registrert i området. Artene registrert er utelukkende mobile arter som sjøfugl.»
Når fuglane slit som følge av at leveareal blir stadig mindre, så seier fylkeskommunen at dei kan jo flytte. Kor skal dei flytte. Då er det snart tida for fuglane at dei flytter inn på verandaen til dei som held på med oppdrett?
Naturvernforbundet har sendt klage på konsesjonsvedtaket. Å få medhald i denne typen klager høyrer til i mirakelavdelinga. Men det er uråd å ikkje seie frå, slik mange lokalt i Haram også har gjort i denne saka.
Naturvernforbundet si klage kan du sjå her: