Naturvernforbundet ber Enoksen utgreie energisparing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har saman med fylkeslaga i Nord- og Sør-Trøndelag laga eit utkast til ein rapport for løysing av den anstrengte kraftforsyningssituasjonen i regionen i åra framover. No ber Naturvernforbundet olje- og energiminister Odd Roger Enoksen om å innarbeide denne rapporten i sine forslag til Stortinget.

Energiforsyningssituasjonen i Midt-Noreg er pressa, særleg på grunn av industriutbyggingar på Sunndalsøra og Gossen. Samstundes kan overføringskapasiteten inn til regionen vere for dårleg på dagar med høgt forbruk. Dette har fått mykje fokus den siste tida, og det har kome mange gode og mindre gode forslag til løysingar.

Fylkeslaga av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Nord- og Sør-Trøndelag har den siste tida arbeidd med å få fram korleis energiforsyninga kan tryggast på ein miljømessig akseptabel måte. Rapporten fokuserer på forsyninga fram til 2010; det er lite realistisk med nye kraftliner eller gasskraft med CO2-handtering før dette. Rapportutkastet viser at det fram til 2010 er mogleg å sikre ein forsvarleg kraftsituasjon i Midt-Noreg utan uakseptable miljøulemper, men då er det nødvendig med ei massiv satsing på energisparing.

– I den gasseuforien som har herja Midt-Noreg har det ikkje vore mogleg for Naturvernforbundet å få til ein god debatt om energisparing, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.. – Politikarar og andre samfunnsaktørar er meir opptatte av å prate om gasskraft, ei dyr og dårleg løysing som krev massiv subsidiering.

Naturvernforbundet sender difor no rapportutkastet til olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. Han har lova Stortinget å legge fram forslag til løysingar for situasjonen i Midt-Noreg. – Sjølv om Naturvernforbundet ikkje har fått kvalitetssikra alle opplysningane i rapportutkastet, meiner vi det er viktig å få energisparing på dagsorden no, seier Øystein Folden.

Konkret vil Naturvernforbundet utfordre Enoksen til å gå gjennom forslaga frå Naturvernforbundet punkt for punkt og kommentere desse.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Rapportutkastet frå Naturvernforbundet

Brevet frå Naturvernforbundet til Odd Roger Enoksen

Naturvernforbundet ber om gransking av korleis situasjonen i Midt-Noreg har oppstått

Rapport: Varmepumpens bidrag til redusert energibruk i Norge

Rapport: Baseline – framskriving av energiforbruket til 2020

Enova: Analyse av kraftsituasjonen i Midt-Norge frem mot år 2010

Enova: Kraftsituasjonen i Midt-Norge 2010

Møre og Romsdal-grafen