Brøyting av Aursjøvegen

Kva er verknaden på reinen når Aursjøvegen blir brøyta? Det svarar ikkje Sunndal kommune sitt vedtak på. No har Naturvernforbundet sendt klage.

Ein del av Snøhettareinen flytter seg mellom aust og vest-området via Torbuhalsen. Blir reinen påverka av hyttene i Torbudalen og ved Aursjøen? Kva er det i så fall som påverkar? Kan det gjerast noko med det?

Hytteeigarane har søkt Sunndal kommune om støtte til brøyting gjennom mange år. Naturvernforbundet peikar på at naturmangfaldlova har krav om at saka skal vurderast med tanke på kva verknad løyving til brøyting vil ha på naturen. Kommunen har ikkje sagt noko særleg om det. Difor har Naturvernforbundet klaga på løyvingsvedtaket. Mangelen er så stor at vedtaket truleg er ugyldig.

Her kan du lese Naturvernforbundet si klage: