Ein ny sjanse

Når skogen bles ned, så er det sjølvsagt ei dramatisk hending. Kan det vendast til noko godt?

Mykje av skogen i Ikornneset friluftsområde ligg omtrent flat. Det starta med ein hogst sist haust, og nokre vindkuler. Eller det starta vel for 60 år sidan då dei planta lutzgran og vrifuru på tidlegare slåttemark og beitemark. Gran har mykje bar og stort vinfang, og passer i grunnen ikkje til våre område. Når alt er like gamalt og mykje blir hogd på same tid, så blir det ofte problem.

Kvifor ikkje nytte høvet til å gjere det anleis når ein no skal ordne opp? Området kan bli kjempefint om ein på neset no ryddar fram det som ein gong var ei kystlynghei. Gamle beiter og slåttemarker i staden for «sint» skog opnar opp for at gravrøysene syner slik dei skal. Det som før var myr kan bli det på nytt.

Les Naturvernforbundet sitt forslag: