Kvar er skogen?

Ålesund kommune har gjeve løyve til 2 km med lett traktorveg ved Hildre. Ein over 3 m brei veg som kan køyrast med bil er lite truleg ein lett traktorveg.

Ålesund kommune har i februar 2023 gjeve løyve til å bygge to kilometer lett traktorveg på vestsida av Hildrevatnet i Haram. Når ein ser området, så lurer ein jo på kvar skogen er som kan svare for ein utbyggingskostnad på kring 2 millionar.

Når ein ser på vegen som blei bygd i fjor, så undrast ein meir. Den er også omsøkt som vegklasse 8, lett traktorveg. Traktorvegklasse 7 og 8 er ganske enkle. Skilet er at i klasse 7 kan ein køyre traktor med hengar, i klasse 8 er det traktor utan hengar, og då kan vegen vere noko smalare. Den vegen som syner på biletet, og som etter biletet blei tatt er grusa opp, er det traktorvegklasse 7 eller 8? Truleg ingen av dei. Viss det er høgare standard, så vil det seie at inngrepet er større enn det er gjeve løyve til. Når den nye søknaden er likeins, kva kan ein då vente seg?

Kommunen kan ikkje vente anna enn ei klage frå Naturvernforbundet på dette vedtaket. Klaga er sendt. Alt det andre som var litt rart med denne saka kan du også lese om i klagebrevet nedanfor.

Søkjar har bede om at det Naturvernforbundet har skrive i artikkelen blir retta opp. Det som kjem fram blir av Naturvernforbundet vurdert først og fremst som ulike syn på saken. Søkjar sitt brev er tilgjengeleg nedanfor.

Foto: Naturvernforbundet.