Når vindkraftkonsesjonen går ut, kva då?

Dei første konsesjonane for vindkraft går no ut. Blir det rydda?

I 1999 fekk Sandøy vindkraftverk konsesjon for 5 vindturbinar på Harøya, no Ålesund kommune. Levetida var rekna til 25 år. Dei fleste vindkraftkonsesjonane skal avsluttast med at anlegget skal rivast og inngrepa skal tilbakeførast til natur.Det tyder også at det var ulemper i 25 år som i si tid blei vurdert, ikkje for all framtid. Ulemper i all framtid kan ofte bli meir enn for ei avgrensa tid.

Blir Sandøy vindkraft nedlagt i næraste framtid? Søknad om forlenga konsesjon kom. NVE sa ja. No har også Olje- og energidepartementet sagt ja. Vindkraftanlegget blir ståande i 30 år til.

Naturvernforbundet klaga på forlenginga av konsesjonen. Det er godt mogleg at dette prosjektet er greitt, men sakshandsaminga var dårleg. Før konsesjon blei gjeve i 1999, burde det ha vore gode undersøkingar av tilhøva for fugl. Slik blei det ikkje. Så kom det krav om undersøkingar etter at vindkraftanlegget kom i drift. Det blei det dårleg med. Så burde det i det minste bli undersøkt skikkeleg før ein kunne seie ja til ny periode. Det blei gjort undersøkingar i form av å samle opplysningar frå det som var registrert tidlegare. Dermed blei ikkje gamle feil og manglar når det gjeld fugleundersøkingar reparert.

Naturvernforbundet meinte at ein også burde vurdere dreneringsverknaden for myra i området, i fall ein kunne stanse uttørking av myr og dermed frislepp av CO2. Reduksjon av CO2-utslepp er jo ein del av argumentasjonen for meir vindkraft.

NVE meinte det var bra nok. No har OED sagt det same. Viss dette er standarden når forlenging av konsesjonar for vindkraft skal forlengast, vil ikkje dette nivået på sakshandsaming bli godt mottatt av Naturvernforbundet. Dette viser at NVE og OED ikkje har lært av havariet for rammeplan for vindkraft.

Foto: Øystein Folden. Vindkraftanlegg.

Sentrale dokument i saka: