Naturvernforbundet om torskeoppdrettsøknader
Gadus group AS har søkt om ei rad konsesjonar til torskeoppdrett i Møre og Romsdal. Kva har Naturvernforbundet sagt til dei?
Naturvernforbundet har uttalt seg til så mange søknader det har vore kapasitet til. Nedanfor følgjer eit oversyn over kor langt sakene har kome. Vidare er Naturvernforbundet sine fråsegner tilgjengeleg nedst.
Lokalitet Alida i Volda:
Fråsegn til søknad, klage på konsesjonsvedtak, krav om utsett iverksetting. Det blei sett ut fisk i påska 2022. Anlegget hadde ei stor rømming av torsk i september 2022.
Lokalitet Vorpeneset i Vestnes:
Fråsegn til søknad, klage på konsesjonsvedtak. Anlegget ligg i sjøen, med fisk.
Lokalitet Ålvund i Tingvoll:
Fråsegn til søknad.
Lokalitet Grova i Sunndal:
Fråsegn til søknad.
Lokalitet Slemmem i Rauma:
Fråsegn til søknad.
Lokalitet Slettnes i Gjemnes:
Fråsegn til søknad.
Lokalitet Ranes i Gjemnes
Fråsegn til søknad.
Lokalitet Støylen i Volda:
Fråsegn til søknad.
Forum for Natur og Friluftsliv har uttala seg til to andre lokalitetar, Alvestadkaia i Ålesund og Jonskjeret i Smøla.