Sulafjellet og gondolen

Gondolprosjektet på Sulafjellet vil påverke natur og landskap i ganske stor grad. Dette har Naturvernforbundet sett nærare på.

Naturen frå Rundehornet og vidare oppover er stort sett raudlista. Eit mykje større område enn det som får byggverk vil bli påverka. Det blir meir verksemd i fjellet. Det kjem vegar som fører til trafikk i tillegg til at dei vil syne mykje spesielt i snaufjellet. I samband med snøproduksjon vil ein øydelegge eit myrområde som har viktige oppgåver i samband med fangst av CO2. Dessutan vil ein bruke mykje straum som kunne ha vore bruka til noko meir nyttig.

Sulafjellet er mykje betre utan gondol.