Naturvernforbundet seier nei til oppdrettsendringar ved Gjermundnesholmane
Naturvernforbundet i Vestnes har blitt bede om å uttale seg til ein søknad om endring av ein oppdrettskonsesjon ved Gjermundnesholmane. Føremålet er å endre art frå torsk til laks, aure og regnbogeaure med maksimal biomasse på 2340 tonn. Naturvernforbundet meiner i si fråsegn at det er meir enn nok fiskeoppdrett i Vestnes, og elles i Møre og Romsdal, og ynskjer ikkje enno ein "ny" konsesjon. Bakgrunnen for dette er dei mange miljømessige, samfunnsøkonomiske og kulturelle problema som er knytt til oppdrettsnæringa.