Volda – nok torskeoppdrett

Selskapet Ode har søkt om nok ein konsesjon for å drive oppdrett av torsk i Volda kommune. Lokaliteten Lokkvi bør få avslag.

fiskoppdrettsanlegg

Risikoen for at førekomstane av vill torsk vil bli negativt påverka av torskeoppdrett har vi sett døme på allereie. Slikt bør ein finne ut i liten skala før ein fyller fjorden med tamtorsk.

Rømminga av store mengder torsk frå lokaliteten ved Alida for eit år sidan er eit døme på det motsette. Inga varsemd, ikkje småskalatesting. Etter den tid har Ode søkt om endå fleire konsesjonar.

Naturundersøkingane ved Lokkvi er ikkje gode nok. Fleire torskekonsesjonar nær kvarandre kan auke problema. Lokale torskestammar i fjordsystema skal ikkje utsetjast for slik risiko.

Alle bør seie nei til torskeoppdrett ved Lokkvi. Volda kommune er først i løypa.

Fråsegna frå Naturvernforbundet i Ørsta og Volda kan du lese under.